Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friluftsgudsteneste: Ein dag i den finaste katedralen

Jon Olav Ørsal Måndag 18. april 2022

Todalen sokneråd har ein lang tradisjon med friluftsgudsteneste på 2. påskedag – ein like lang tradisjon er det at det er finvêr på 2. påskedag.  – Vi har alltid hatt finvêr så lenge vi ha halde på med dette, seier mangeårig organist og no vikar i denne tenesta, Bernt Bøe.  Likevel har vi noko som er nytt av året, da friluftsgudstenesta i år er flytta frå Haugligardane til gapahuken på Tjønnmyran.

Vikarprest Cathrine Grutle heldt gudstenesta på Tjønnmyran 2. påskedag- Foto Jon Olav Ørsal

Ein finare katedral for påskegudsteneste kan du mesta ikkje få – sol frå blå himmel og temperatur som bekreftar at våren er på full fart med skikkeleg vårtemperatur og ufsdråper frå gapahuken.

Bernt Bøe var på plass med elorgelet sitt – han har nok sørga for tonefølgje på alle friluftgudstenestene i Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Eit førtital personar deltok i dagens gudsteneste, der vikarprest Cathrine Grutle heldt dagens gudsteneste og organistvikar Bernt Bøe med sitt lille elorgel sørga for tonefølgje til salmesongen. Gudstenesta vart avslutta med to vers frå Todalssongen, før Todalen sokneråd inviterte heile «menigheita» på varme pølser og kaffe til alle som deltok i gudsteneste.  Takkofferet gikk i dag til Misjonsprosjektet – dersom du vil bidra så kan du framleis gjere det via Vipps #506 908 som går via Todalen sokneråd. 

Etter gudstenesta vart det servering av pølser og kaffe til alle gjestane – her er det John Moe og Frode Grønmyr som sørger for traktering. Foto Jon Olav Ørsal

Vi har laga eit bildegalleri frå dagens friluftsgudsteneste på Tjønnmyran i Todalen.  Alle foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 18. april 2022, 13:36