Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårdager i Røtet – full trøkk fram mot helga

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. april 2022

Denne veka er det i Røtet det skjer – dei fleste aktørane i området står bak aktivitetane som går føre seg frå torsdag og framt mot helga.  Det er Eiksentret Surnadal, Hageland Surnadal, Byggmakker Surnadal, Rørservice, Sveen Auto og Trollheimen Treningssenter – alle sammen lokaliser ved Ørabrua og litt rundt omkring. 

Denne veka prisar dei våren, og dersom vêrmeldingane held stikk så blir det nokre retteleg fine vårdagar, der vi som kundar kan nyte det fine vårvêret i fullt monn.  I tillegg til massevis av gode tilbud og utstillingar, så vil det bli arrangert eit sigaturløp, der du kan vinne ein flott iPad som premie.  I tillegg byr arrangørane på grillmat, rømmegraut og spekemat, kaffe og kaker, ponnyridning og smaksprøvar frå lokale matprodusentar.  Litt for ein kvar smak altså berre klikk på linken her eller annonsen nedafor så kan bla i tilbudsavisa og lese meir om tilbuda som du finn hos dei forskjellige deltakarane. Tilbuda frå Byggmakker vil du også finne i butikkane hos Byggmakker Tredal og Byggmakker Bytås.  

 

Først publisert: 21. april 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 20. april 2022, 22:01