Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historisk om Trønderbataljonen

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. april 2022

Torsdag 21. april (kl 18:00) kjem historikaren og forfattaren Helge Husby til Todalen ungdomshus med sitt foredrag om Trønderbataljonen og slaget om Gratangen.  Husby vil halde eit foredrag på ca. 2 x 30 minutt om ungdomane frå Nordmøre og Trøndelag som kjempa mot den tyske krigsmakta i Gratangen i aprildagane i 1940.

Boka er rikt illustrer – det er over 300 bilder på dei 279 sidene i boka.

Helge Husby som kjem frå Tingvoll, har skrive bok, der han skildrar kampane i Gratangen.  Boka har han kalla «Slaget i Gratangen 25. april 1940 – Trønderbataljonen frå nøytralitet til krig», og boka vil bli å få kjøpt i ungdomshuset denne kvelden. 

1. omslagside på boka frå Slaget i Gratangen

Som sagt var det ungdomar frå Nordmøre og Trøndelag som deltok i slaget, og mellom dei 34 norske som fall, var Halvard Røen frå Kvanne, Gunnar P. Bøe frå Bøfjorden, Fredrik Eikrem frå Straumsnes og Helge sin sambygding Erling Rød frå Tingvoll.

No skal Helge Husby ut på foredragsturne med den nye boka rundt heile Nordmøre – Todalen er ein av dei første plassane han besøkjer.  Reiseruta vidare blir i første omgang Tustna, Aure og Batnfjorden, men det blir nok fleire plassar etter kvart.

Todalen historielag som er arrangør, inviterer til kaffe og bakels, inkludert i billettprisen som er kr 100,-. 

Helge Husby frå Tingvoll – 21. april kjem han til Todalen ungdomshus med sin presentasjon av boka. Foto Privat

Publisert: 20. april 2022, 07:00