Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Suksess med taco & påskenøtter – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. april 2022

Onsdag kveld inviterte Todalen.no sine støttemedlemar og andre til tacoselskap med påfølgande påskenøtter.  Det vart faktisk ein suksess, og vi er imponert over at vi kan dra eit 60-tal med både ungdommar og godt vaksne deltakarar til ein slik kveld, seier styreleiar i Todalen.no Stig Husby.  Med eit 60-tal til bords så gikk tacoen unna, og kokkane fekk mykje skryt for maten.

Stig Husby var sjefskokk – han var imponert over at så mange kom. Foto Jon Olav Ørsal

Taco var mat som falt i smak – og gjestane kosa seg med maten. Foto Jon Olav Ørsal

Etter maten var det duka til stor konkurranse om kveldens påskenøtter.  Sondre halset leia programmet, og han hadde laga fem omgangar med spørsmål frå følgjande tema: Geografi, historie, samfunn, livsststil og aktuelt, sport & spill og til slutt underhaldning. Det vart litt av kvart å bite for dei 10 laga som konkurrerte om hvert sitt gavekort som premie. Halvparten av laga hevda seg bra, og hadde eit jamnt resultat, så det var kniving om førsteplassen heilt til siste runde, da vinnarlaget klarte å distansere seg litt. 

Tacokvelden med påskenøtter vart ei triveleg kveldsstund, og vi er glad for at vi klarte å engasjere så mang til å kome på taco, og så er det heilt utruleg at vi klarte å engasjere heile 10 lag til å delta i kvelden påskenøtter, seier Stig Husby. Han antyda alt no at det kanskje blir eit lignande opplegg til hausten ein gong. 

Påskenøtter med Todalen.no –  her har vi lagt ut alle spørsmåla frå gårdagens konkurranse med påsknøtter og tilhørande fasitsvar.  Her kan du sjekke korleis det står til med dine kunnskaper!

Ungdomar som deltok på påskenøtter – frå venstre Trym Kvendset, Martinus Kvendset, Henrik Talgø, Lasse Vaseng Hansen og Erik Kårvatn. Foto Jon Olav Ørsal

Satsa på påskenøttene – frå venstre Ola Talgø, Emil H. Ansnes, Endre Talgø, Kristoffer Nordvik og Steinar Gjeldnes. Foto Jon Olav Ørsal

Sondre Halset Leia programmet og hadde laga spørsmåla til årets Påskenøtter. Foto Jon Olav Ørsal

Rundt 60 deltakarar kom og vart med på tacoaften og påskenøtter. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 14. april 2022, 00:15