Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gunnøydilten: Artig med slik respons

Jon Olav Ørsal Fredag 15. april 2022

Det er artig når vi får slik respons på våre arrangement!  Leiar i Todalen idrettslag, Elinor Bolme trur at nærare 200 personar deltok på Gunnøydilten som vart arrangert i Toåa tursti  på langfredag.  Det kom og gikk folk heile tida, så det er litt vanskeleg å anslå, men det er iallfall sikkert at det var mange som var innom «basen» som var ved gapahuken i Båthølen.

Trimgruppa i Todalen IL var arrangør – frå venstre Jon Bruset som er kunde, Anita Talgø, Sissel Halset Storslett, Torill Talgø og Lars Kvendset. Foto Jon Olav Ørsal

Spesielt artig var det at det var både kjente og ukjente ansikt å sjå, så det er nok mange tilreisande som har oppdaga det flotte tilbodet som Toåa tursti har vorte.  Deler av stien er også tilrettelagt for bevegingshemma, og i tillegg er det både utstyr for bålbrenning og grilling.  To gapahukar – ein i Båthølen og ein i Gunnøya – gjer at du kan krype under tak for vêr og vind.  

Langfredag var det sal av grillpølser, kaffe og saft – og til kaffen bydde trimgruppa på både nystekte kanelsnurrar og sjøkoladekake.  Til tidar var alle sitteplassar – bord og benka opptekne og det var tydeleg at folk kosa seg i det fine vêret som egentleg vart finare enn meldingane til yr.no. Lotteriet gikk også strykande og det var nok mange som kunne tenkt seg å vinne hengestolen som var utlodda – den kunne nok passa inn på mang ein terrasse. Trekningslista vil du finne nedafor teksta her. 

Familien Holten – Frå ventre May Elisabeth, Tor, Torill (Nå med etternamn Krogsrud), barnebaret Agnes Kristine og lengst til høgre Erik Holten. Foto Jon Olav Ørsal

Det var mange som ga uttrykk for at det er artig at vi kan ha slike arrangement, der det går an å treffe både kjente og ukjente – og folk som det er lenge sidan du har treft. Det treng da ikkje til å være så kompliserte arrangement for at det skal være triveleg – og kan du kjøpe ein kaffekopp med noko attåt , så er det da for bonus årekne. 

Det er artig når vi får slik respons på våre arrangement! Leiar i Todalen idrettslag, Elinor Bolme trur at nærare 200 personar deltok på Gunnøydilten som vart arrangert i Toåa tursti på langfredag.  Foto Jon Olav Ørsal

Trekningsliste for årets påskelotteri:
Pica stol:                    Iver Mossing Ervik
Bilde:                          Camilla Haugdal
Solo og potetgrull:   Åse V. Redalen
Forundringspakke:  Helge Ørsal
Påskekyllinger:         Guro Redalen
Kaffe etc.                    Helga Nordvik

Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri frå Gunnøydilten som vart arrangert langfredag  – alle bilder Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. april 2022, 15:11