Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gripande om kampane i Gratangen

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. april 2022

Torsdag kveld var tingvollgjeldingen Helge Husby i Todalen for å promotere den nye boka han har skrive om kamphandlingane i Gratangen. Slaget i Gratangen i aprildagane for temmeleg nøyaktig 82 år sia, og er rekna for å være det blodigaste som har skjedd på norsk jord.  Helge fortalte at han har gått svanger med bokplanar  helt sia han var ungdom, og at mange nordmøringar fall i Gratangen har vore med og påvirka planane som no er realisert.

Mange som ville kjøpe boka til Helge, så han hadde fullt opp med å signere og ta i mot betaling. Foto Jon Olav Ørsal

Helge Husby har sett seg godt inn i det som skjedde med Trønderbataljonen denne krigsvåren, både turen nordover til Finnmark og spesielt slaget i Gratangen der fleire nordmøringar fall i kampen mot nazistane. Husby fortalte at det var 764 soldatar som kjempa for Trønderbataljone – rundt 1/3 av disse var nordmøringar. No er det berre ein igjen som lever att som tidsvitne – 103-åringen Øystein Rødseth.  To av dei som fall i slaget i Gratangen var her frå kommunen – Gunnar Bøe frå Bøfjorden og Hallvard Røen frå Kvanne. 

Styreleiar i Todalen historielag, John Moe takkar helge Husby for eit interessant foredrag. Foto Jon Olav Ørsal.

Boka som Helge Husby har skrive er på 279 sider, og er rikt illustrert – trykt på papir av god kvalitet, og kostar 449,-  Boka kan kjøpast i Ark bokhandel i Surnadal eller direkte frå forfattaren – epost: helge@fosnakultur.no 

Rundt kaffebordet – frå venstre Øystein Moe, Anders Todalshaug, Gunnar Nordvik, Einar Nordvik og Ivar Bolme. Foto Jon Olav Ørsal

Rundt kaffebordet 2: Frå venstre Kristian H. Gjeldnes, Eva Sande, Odd Arild Sande, Ola Røe, Gudmund Kvendset, Nils Ove Bruset og Kristen Halle. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. april 2022, 21:00