Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Putt ein tiger på tanken, var eit gamalt slagord…

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. april 2022

I dag fylte Rune Mogstad tankane ved HalsOils drivstoffanlegg ved Matkroken Todalen med verdas beste drivstoff.  – No skal todalingane og tilreisande kunne køyre omsalaust i påskehelga kunne han garantere.  Rune var forresten imponert over kor mykje drivstoff som blir selt ved anlegget i Todalen, og han rosa todalingane for å være kjøpe tru.

Rune Mogstad driv  stort i sal og transport av drivstoff – han har heile 9 vogntog som leverer drivstoff til stasjonar frå Rørvik og Brønnøysund i nord til Ålesund og Stryn i sør. Bilane hentar drivstoff i Trondheim og Ålesund og køyrer ut til stasjonane i området.  Vinters dag køyrer dei og til Slagentangen og Fredrikstad for å hente bioprodukt (eks. biodisel). 

HalsOil-pumpa er open for kortsal 24/7 – her kan du kjøpe drivstoff heile døgnet – heile påska. Foto Jon Olav Ørsal

Firmaet heiter Midt-Norsk Olje AS, og har base i Surnadal, men i tillegg til å distribuere drivstoff driver firmaet 17 automatstasjoner i det same området, og til saman har Midtnors Olje AS ei omsetning på rundt 400 mill. kroner.  Heilt frå starten i 1992 og fram til hausten 2021 har han ått selskapet 100 %, medan han no har selt 51% til samarbeidspartnaren Certas As, som også eig Essostasjonane i Norge.  Dette har vært med på å auke oppdragsmengda for Midtnorsk Olje AS, fortel Mogstad.  

Midtnorsk Olje er medlem i Todalen.no

Først publisert: 13. april 2022, 11:00 - Sist oppdatert: 12. april 2022, 21:23