Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 905 artiklar i dette arkivet.


Steinras i Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Torsdag 4. mai 2017

I går vart det oppdaga steinras i Svinvikrunden. Store steinar har losna i eit overheng i berget og ramla ned i stien. Derfor er stien stengt eit parti, og det er skilta ei alternativ turrute.


Stikk UT! – ny sesong!

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. mai 2017

Flott start for ny Stikk UT!-sesong; nydeleg ver og stor aktivitet i trimrundane! Flest besøk i Surnadal kommune har det i løpet av dagen vore på den nye trimposten på Roparen i nedre Surnadal, men det var mange som var ute på trimtur både på Storhaugen og i Svinvikrunden.


Årsmøte i Nordvik grendalag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 26. april 2017

Nordvik grendelag hadde årsmøte onsdag 26. april med godt oppmøte. Grendalaget arbeider for trivsel og samhald i gamle Nordvik skulekrins, og alle som bur i grenda og er fylt 16 år, er automatisk medlemer i laget.


Kløvertur utover til Haltbakkan; blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. april 2017

Etter ein lang påskeferie er det klart for ny Kløvertur måndag 24. april. Turen går frå Nordvik og utover Haltbakkvegen, fin grusveg og ikkje bratt. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl. 11.00.


Mange nye og spennande Stikk UT!-turar!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. april 2017

Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at no er Stikk UT!-turmåla for sommarsesongen 2017 klare. Det er opplegg for Stikk UT!-turar i 16 kommunar i på Nordmøre og i Romsdal.


Hundre prosent oppmøte!

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. april 2017

Søndag 2. april var det utdeling av «Mi kyrkjebok» til 6-åringane i Todalen sokn. Alle dei fem seksåringane var møtte fram for å ta imot boka si – altså 100 %, det tykte Torbjørn prest var riktig kjekt.


Måndagstur til Løfta og Sissihaugen

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. april 2017

Kløverturen måndag 3. april blir på Kvennset. Oppstart frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset, eventuelt oppover til Løfta og Sissihaugen.


Måndagstur i Gammelvegen.

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. mars 2017

Kløverturen måndag 27. mars blir ute i Gammelvegen – deler av Svinvikrunden.


Dordi Jorunn Halle Onsdag 22. mars 2017

Todalen historielag minner om at dei har årsmøte torsdag 23. mars.

Sjå plakat her:



Mange takk til Bernt og Bernt!

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. mars 2017

Både sokneprest Bernt Venås og organist Bernt Bøe avslutta i løpet av hausten 2016 tenesta si i Stangvik prestegjeld. Søndag kveld var det tid for å gi dei stor og velfortent takk etter lang, trufast og god teneste.