Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Nordvik grendalag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 26. april 2017

Nordvik grendelag hadde årsmøte onsdag 26. april med godt oppmøte. Grendalaget arbeider for trivsel og samhald i gamle Nordvik skulekrins, og alle som bur i grenda og er fylte 16 år, er automatisk medlemer i laget. Her kan ein korkje melde seg inn eller ut, og ein slepp å betale medlemskontingent. Men laget får god oppslutnad om basarar og dugnader og får god støtte frå heile krinsen.

Årsmeldinga viser stor aktivitet i Nordvik grendalag:

  • to basarar for året
  • 8 søndagstreff med sykkeltrim og bakelsservering
  • 17. -maifeiring, pinsefeiring, jonsokfeiring og juletrefest
  • strandrydding
  • vedlikehald av grendahus og leikeplass i Sollia
  • seterrenn med «After-ski» i grendahuset

Økonomien i laget er god. Største utgiftsposten er drift og vedlikehald av forsamlingshuset. Elles har grendalaget fått sett opp namnekilt i utmarka og merka stiar, kjekt for alle turgåarar! Det er eit arbeid som har gått over fleire år. Til dette arbeidet har grendalaget fått tilskott frå fylkeskommunen.

Forsamlingshuset på Nordvik, eit fint og triveleg hus både ute og inne. Foto: Dordi J H

Valet gjekk greitt, det var ikkje store endringar. Men leiaren Ola Magne Nordvik hadde takka nei til attval, og nestleiar Åsgeir Frydenlund vart vald til ny leiar. Dei andre i styret er: Karin Åsbø – nestleiar, Anita Brøske Nordvik – kasserar, Rune Måøy – sekretær, Anja Nordvik – styremedlem. Varamedlemer er Trond Svinvik og Nina Vikan. Odda Arild Sande og Per P. Gjeldnes er revisorar; Line Strandheim og Andreas Bele er ny valnemnd.

Etter at årsmøtet var heva, vart det drøfting av ulike tema. Mellom anna vart det vedteke å oppfordre grunneigarane til å rydde skogsvegar og stiar slik at det blir lett å kome fram både sommar og vinter. Grendalaget blir gjerne med og organiserer dugnad, først og fremst på Gammelvegen.

Desse vart valde til komite for historisk vandring på Nordvik. Frå venstre Ola Røe, Jan Nordvik, Sverre Kjølstad, Anna Ingeborg Nordvik og Kristoffer O. Nordvik. Foto: Dordi J H

Anna Ingeborg Nordvik bar fram ønske frå Stangvik historielag om at grendalaget blir medarrangør for ei historisk vandring på Nordvik i løpet av våren.

Allereie tysdag 2. mai er det vårdugnad for grendahuset, og laurdag 6. mai arrangerer dei strandryddedag. Da blir det plukka søppel og rydda i fjøra langs heile stranda på Nordvik. Eit flott tiltak som er ein del av den nasjonale strandryddedagen.  

Ola Magne Nordvik takka for seg og ønskte det nye styret lykke til med arbeidet framover!

 

 

Publisert: 26. april 2017, 23:42