Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndagstur til Løfta og Sissihaugen

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. april 2017

Kløverturen måndag 3. april blir på Kvennset. Oppstart frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset, eventuelt oppover til Løfta og Sissihaugen. 

Fin utsikt oppe i skogsvegen på Kvennset. Her Lovise og Kari da vi gjekk der i februar.

Dette er ei fin turrute. Kvar turdeltakar bestemmer eige tempo, lengde på turen og kor mange bakkar ein vil gå.

På grunn av påska blir ikkje neste kløvertur før 24. april. Da er det plana å ta turen utover Haltbakkvegen.

Alle er velkomne til å bli med på Kløvertur!

Her er turfølgjet samla ute i Gammelvegen 27. mars. Heile 14 damer var med på ein triveleg tur! Frå venstre: Synnøve, Arndis, Åse, Sigrun, Kari, Jorunn, Karen Johanne, Ingunn, Eli, Marit, Dordi, Berit og Jorunn. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 2. april 2017, 00:08