Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange nye og spennande Stikk UT!-turar!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. april 2017

Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at no er Stikk UT!-turmåla for sommarsesongen 2017 klare. Det er opplegg for Stikk UT!-turar i 16 kommunar  på Nordmøre og i Romsdal. Smøla kommune er i år med på dette opplegget for første gongen. I alt er det 194 turmål å velje mellom!

Stikk UT!-sesongen startar 1. mai, og detaljerte opplysningar om turane blir lagt ut på stikkut.no fredag 21.april. I veke 17 blir det sendt ut brosjyre med kart og opplysningar om alle turmåla til 47 000 husstandar på Nordmøre og i Romsdal.

DRIVA arrangerte Stikk UT!-tur oppå Storhaugen våren 2016. Norunn Holten ( til venstre på biletet) er ansvarleg for Stikk UT!-opplegget i Surnadal kommune. Foto: Dordi J H

I Surnadal kommune er det i år 12 turmål, og mange av dei er nye, men både Storhaugen, Svinvikrunden og Sulå er framleis med, og det same er Kleiva og Kallset. Strengen er ikkje Stikk UT!-tur i år, men Storsetra i Stangvika er kome med som nytt turmål.

Dei andre turmåla i kommunen vår er:

  • Bølia – start frå Bølandet.
  • Kristiansvarden på Skarfjellet – start frå Kvenndalsvegen
  • Liabekken om setervegen – start frå Sande i Øvre Surnadal, her det trimpost for ØSIL.
  • Roparen – start frå Alpinsenteret.
  • Solemsetra frå Litlvika – start frå Solem i Hamnesfjorden, trimpost for Bæverfjord il.
  • Syltnebba frå Surnadalsøra/Rognpilvgen

Alle desse seks turmåla er nye av året.

Viss ein vil lese meir om turane før Stikk UT!-kartet kjem i postkassen, kan ein gå inn på morotur.no eller  berre søke på turnamna.

Da er det berre å gle seg til sesongen startar med turar til  mange spennande og fine turmål der det både er godt merka ruter, og det er lagt til rette for parkering.

Svinvikrunden var det best besøkte turmålet i kommunen i 2016. Foto: Dordi J H

Publisert: 6. april 2017, 23:06