Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 899 artiklar i dette arkivet.


Blir du med ut på Kløvertur?

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. februar 2017

Måndag 27. februar er det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turen denne gongen blir etter veg – frå Matkroken utover Stranda til kraftstasjonen, tilbake ned til smoltanlegget og rundt i Sissigrenda.


Måndag – ny Kløvertur, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. februar 2017

Måndag 20. februar blir det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turruta denne gongen er slik: Frå Matkroken går turen ned forbi fabrikken til Bordholmen, langs Toåa til Gunnøya og eventuelt innover til Båthølen og retur til butikken.


Kløvertur i godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. februar 2017

Første kløverturen i år vart arrangert måndag 13. februar, og turveret var strålande, sol frå skyfri himmel og nokre få, små varmegrader.


Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 12. februar 2017

Minner om «Kløverturen» måndag 13. februar. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset. Så kan ein enten ta turen litt oppover til Løfta og Sissihaugen eller gå fram og tilbake. Tempo og lengde etter eige ønske.  Alle er velkomne til å bli med ut på tur! Yr.no melder godt ver,  2 varmegrader […]


Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. februar 2017

Blir du med ut på tur?

Sanitetsforeninga startar opp med «Kløvertur» måndag 13. februar. Da blir det høve til å gå tur i lag med andre, få frisk luft og mosjon, prate og ha det kjekt



Avslutta veka med kunstutstilling

Dordi Jorunn Halle Fredag 27. januar 2017

Fredag ettermiddag var barnehageungane og elevane ved Todalen oppvekstsenter inviterte på kunstutstilling i Gammelskulen.


Fine forhold oppå Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Måndag 16. januar 2017

Måndag 16. januar starta som ein riktig fin vinterdag. Gradstokken viste minus åtte grader oppå Tjønnmyrå, og det er kjempefine forhold i lysløypa med nypreparerte spor.


Todalstreff på sjukeheimen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 28. desember 2016

Tredje juledag var det triveleg todalstreff på sjukeheimen i Surnadal, eit heilt nytt arrangement. Initiativtakar og primus motor var Terje Nordvik. Han fekk ideen eit par veker før jul da Sanitetsforeninga tinga blomster som skulle vere julehelsing til todalingar som er 80 år eller eldre.


Heldig nisse

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. desember 2016

Tysdag 20.desember koka dei julegraut i Todalen barnehage, og etter at ungane hadde ete seg gode og mette, var det ein stor kumme med graut att. Det var bra, for dei visste at nissen også gjerne ville ha julegraut.


Revygjengen i full gang med øving til 3. juledag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 13. desember 2016

Det blir revy 3. juledag i år, og, – revygjengen er i full gang med intense øvingar i Ungdomshuset. Revygjengen tel i år 11 personar, ein godt innarbeidd gjeng med godt humør.


Jul på Nordmøre

Dordi Jorunn Halle Sundag 4. desember 2016

I år kjem det ingen rundt i heimane i Todalen for å selje «Jul på Nordmøre» slik som brukvisen har vore i mange år. Men no er dette tradisjonsrike juleheftet til sals hos Matkroken, Todalen. «Jul på Nordmøre» kjem ut for 81. gong, og leiaren i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes, kallar det ein kulturinstitusjon.