Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. februar 2017

Første kløverturen i år vart arrangert måndag 13. februar, og turveret var strålande, sol frå skyfri himmel og nokre få, små varmegrader. Tørt og fint å gå i skogen, ikkje glatt, –  rett og slett perfekt for kløvertur!  

Turen starta frå Matkroken og gjekk innover skogsvegen på Kvennset. Gudmund K. Kvendset var med som guide, og han hadde mykje interessant å fortelje om området der vi gjekk. Vi fekk og vite namn på ulike vegstrekningar og plassar, kjekt!

Oppå Løfta. Frå venstre: Guide Gudmund, Wenche, Eli, Jorunn, Åse, Synnøve, Berit, Dordi, Marit, Ingunn og Kari. Foto: Dordi J H

Turruta i dag vart slik, først innover skogsvegen frå Sanitetshuset, så Djupdalen,  Haltlia, Løfta og nedatt til Matkroken. Det vart nokre bratte bakkar. Men den som ikkje ville gå i bratta, kunne ta skogsvegen tilbake, – fin og god tur det, og!

Triveleg å gå på tur i lag. Lovise og Kari. I bakgrunnen Kjerringa, Blåfjellet og Litjfjellet. Foto: Dordi J H

Det vart ein god tur, med frisk luft, mosjon og triveleg prat. Turen vart avslutta med kaffelag i den nyoppussa kaffekroken på butikken. Terje N spanderte kaffe med bakels og graut på alle i anledning «oppshininga». Sjølv var han ikkje på plass, så det var Karen Johanne og Jorid som stod for god servering på Matkroken, og det er ikkje ofte damene dominerer i kaffekroken.

Triveleg avslutning i kaffekroken. Frå venstre: Karen Johanne, Jorunn, Ingunn, Berit, Synnøve, Wenche, Eli og Kari. Foto: Dordi J H

Neste måndag blir det ny Kløvertur. Da vil turen gå ned forbi fabrikken, til Bordholmen, langs Toåa innover til Gunnøya og kanskje heilt inn til Båthølen. Alle er velkomne til å bli med ut på ny tur!

Marit skriv i trimboka oppå Løfta. Foto: Dordi J H

Publisert: 13. februar 2017, 18:31