Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalstreff på sjukeheimen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 28. desember 2016

Tredje juledag var det triveleg todalstreff på sjukeheimen i Surnadal, eit heilt nytt arrangement. Initiativtakar og primus motor var Terje Nordvik. Han fekk ideen eit par veker før jul da Sanitetsforeninga tinga blomster som skulle vere julehelsing til todalingar som er 80 år eller eldre. Da han fekk sjå namnelista, vart han overraska over kor mange todalingar som no bur på sjukeheimen eller i bustader i nærleiken. Han syntest dei skulle få høve til å treffast og bli gjort litt stas på. Så han kontakta Jon Husby og John Moe, dei vart med i arrangementskomiteen og innbydingar vart sendt ut.

Terje ønskte alle velkomne og leia kvelden. Foto: Dordi J H

John Moe viste bilete og fortalde. Foto: Dordi J H

Kvelden kom og heile 40 gjester møtte opp. «Over all forventning og riktig bra», slo Terje N fast. Det vart ei riktig så triveleg ettermiddagsstund. Leiaren i historielaget, John Moe, viste bilete på storskjerm og fortalde om nye bygg og hendingar  i bygda. Han viste og nokre bilete frå «gamle» dagar.

Musikantar, Hans og John. Foto: Dordi J H

Sjølvsagt var det allsong, og Jon song viser som var populære for godt og vel 50 år sidan. Kaffelag med meg riktig gode kaker hører med når todalingar møtest.

God kake! Sidsel, Terje og John serverer. Foto: Dordi J H

Dette vart ein riktig kjekk kveld for dei eldre, men også for dei som var med som følgje, – mange av desse som voks opp i lag i Todalen, ser kvarandre sjeldan og syntest det var kjekt å treffast.

Triveleg på todalstreff. Foto: Dordi J H

Ein svært vellukka kveld, og kanskje blir det nytt todalstreff på sjukeheimen neste jul.

Triveleg på todalstreff. Foto: Dordi J H

Triveleg på todalstreff. Foto: Dordi J H

 

 

 

Publisert: 28. desember 2016, 01:47