Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heldig nisse

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. desember 2016

Tysdag 20.desember koka dei julegraut i Todalen barnehage, og etter at ungane hadde ete seg gode og mette, var det ein stor kumme med graut att. Det var bra, for dei visste at nissen også gjerne ville ha julegraut. Kledd i fine nisseluer, tok dei med grauten og gjekk dei på leit etter nissen.

Oppå Pilskaret fekk ungane glimt av nissen. Foto: Dordi J H

Oppe på Pilskaret fekk dei sjå ei raud topphuve borti hagestua i Austistua, da vart det jubel og spenninga steig i barneflokken. Men plutseleg var ikkje nisselua å sjå, – Kom han bort? Heldigvis dukka han fram att og vinka til ungane, så da var det berre å ta snarvegen gjennom hagen og bort til nissen.

Heile flokken i lag med nissen. Foto: Dordi J H

Mange var litt skeptiske, men etter kvart voks motet og alle var framme til nissen, helsa og fortalde kva dei heitte. Etter kvart fekk nissen fleire av ungane på fanget, stor stas både for nissen og ungane.

Litt skeptisk gut, men kraup til slutt oppi fanget til nissefar. Foto: Dordi J H

Før dei overleverte grauten, song ungane «På låven sitter nissen» både høgt og fint! Og nissefar nikka og takka for grauten som såg retteleg god ut med stor smørauge og mykje sukker! Men nissen ville ikkje ete grauten ute, han ville ta han med seg oppå låven og ete i fred og ro, han er nemleg ein ekte fjøsnisse. Ungane lurte på om han fekk ha grauten i fred for musene, og nissen kunne fortelje at det ikkje var noko problem, da huskatten Lars Monsen held musene unna.

Nissefar hadde rosinpakkar i sekken sin – godt! Foto: Dordi J H

Ungane ønskte nissefar god jul, og han takka for besøket og håpa at dei hugsar på han neste år og.

Litt skummelt å helse på nissefar. Foto: Dordi J H

Tru kva fjøsnissen har i sekken sin? Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 20. desember 2016, 21:50