Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jul på Nordmøre

Dordi Jorunn Halle Sundag 4. desember 2016

I år kjem det ingen rundt i heimane i Todalen for å selje «Jul på Nordmøre» slik som brukvisen har vore i mange år. Men no er dette tradisjonsrike juleheftet til sals hos Matkroken, Todalen. «Jul på Nordmøre» kjem ut for 81. gong, og leiaren i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes, kallar det ein kulturinstitusjon.

Ansnes fortel at «Jul på Nordmøre» i 2015 opplevde eit rekordhøgt sal, det tyder på at tradisjonen med julehefte held seg godt. I leiaren sin skriv han mellom anna: «Med si lange levetid er «Jul på Nordmøre» ikkje berre eit julehefte, men også ein kulturinstitusjon. Mange har opp gjennom åra lagt ned ein stor innsats for å halde tradisjonen levande. Eit utal skribentar har levert bidrag, som til saman utgjer ein historisk skatt.»

Årets juleblad har eit variert og interessant innhald, og heftet er rikt illustrert med fine bilete. Fremst i heftet finn vi minneord om Eistein Bæverfjord som i mange år var med i skriftstyret for «Jul på Nordmøre». Eistein var ein allsidig kunstnar og ein stor kulturberar i Surnadal kommune og på Nordmøre.

Elles i bladet finn vi ei god tekst av soknepresten i Frei, ei humoristisk tekst av Tor Erik Jenstad med tittelen «Det er på otid at høna pessa.» Ingrid Lysberg fortel om «Julståk i gamle dagar» – kjekt å lese. Til og med så er fotball tema i juleheftet, Henrik Aasbø har skrive ein artikkel med tittelen: «Fotball – redning og fortapelse». Ein annan interessant artikkel er «Ranessetra – frå ruin til kulturminne».

Elles er det mange andre artiklar, småstubbar og dikt å finne i «Jul på Nordmøre». Lars Steinar Ansnes avsluttar innleiinga si slik: «Blant skribentane i årets utgåve av «Jul på Normøre», som er laga etter det eg vil kalle ei slitesterk og kjær oppskrift, vil lesarane finn både velkjende og nye namn. Eg håpar at stoffet fell i smak, og at heftet kan skape julestemning i bygd og by.»

«Jul på Nordmøre» er eit godt juleblad som det er vel verd å lese.

img_7957

 

Publisert: 4. desember 2016, 09:50