Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. februar 2017

Blir du med ut på tur?

Sanitetsforeninga startar opp med «Kløvertur» måndag 13. februar. Da blir det høve til å gå tur i lag med andre, få frisk luft og mosjon, prate og ha det kjekt. Dette blir «kvardagstrim» – kvar enkelt bestemmer fart og lengde på turen, og ein kan gå med eller utan stavar. Det blir oppmøte utanfor Matkroken kl. 11.00.  Sanitetsforeninga stiller med turleiarar.

Leiarar på «Kløverturane» er Jorunn Ørsal, Sigrun Ørsal, Åse Ville Redalen, Marit Sanden Søyset og Dordi Jorunn Halle. Frå venstre: Sigrun, Åse, Jorunn og Marit. Foto: Dordi J H

Undervegs eller ved turslutt har vi tenkt å ha ein liten matpause, så det kan vere lurt å ha med mat, drikke og sitjeunderlag.

Turen måndag 13. februar går frå Matkroken, opp til Sanitetshuset og innover skogsvegen. Her kan dei som vil gå att og fram, eller ein kan ta turen om Løfta og Sissihaugen. Oppmøte kl. 11.00.

Plana er at det blir tur kvar måndag framover vinteren og våren, og det skal vere fast oppmøte ved Matkroken. Men etter kvart har vi tenkt å kjøre bil til nye startpunkt slik at vi kan variere turmåla, men det skal vere lette turar utan for bratte bakkar eller ulendt terreng. Medan det er vinter, må vi planlegge turane etter kvart – det kan bli snø.

Aktuelt turmål, Kleiva oppi skogsvegen på Bruset. Foto: Dordi J H

Det vil bli turar frå dei heilt enkle som å rusle rundt i byggefeltet på Kvennset til å gå oppover frå Bruset til Kleiva, eller ta ein runde uti Gammelvegen eller utpå Ansnesstranda osb.

Måndag 13. februar går turen innover skogsvegen frå Sanitetshuset. Dette biletet er frå ein vårtur i 2015.Foto: Dordi J H

Men det blir fast oppmøte måndag kl. 11.00 ved Matkroken. Orientering om vekas tur kjem på todalen.no, ved plakat på bua og så håpar vi «jungeltelegrafen» hjelper til med å spreie info om turane.

Eit anna aktuelt turmål kan vere denne fine gapahuken nedanfor Brusetnesset. Foto: Dordi J H

Da håpar vi mange vil bli med ut på tur for få å frisk luft, hyggeleg samvær og god mosjon!

 

 

Publisert: 8. februar 2017, 21:54