Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Revygjengen i full gang med øving til 3. juledag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 13. desember 2016

Det blir revy 3. juledag i år, og, – revygjengen er i full gang med intense øvingar i Ungdomshuset. Revygjengen tel i år 11 personar, ein godt innarbeidd gjeng med godt humør. Laila K. Bergli, Anders Gjeldnes og Nils Ove Bruset er revystyre.

Tittelen på revyen er «tRAUSt» – eit ordspel som viser til sommararrangementa RAUS som har vore så suksessfylte siste somrane. Men revygjengen poengterer at revyen slett ikkje blir  traust, men rett og slett artig med mange vittige sketsjar og gode viser!

img_8011

Revystyret. Frå venstre: Anders Gjeldnes, Laila Kvendset Bergli og Nils Ove Bruset. Foto: Dordi J H

På spørsmål om revyen har ein raud tråd, får vi ikkje eit heilt greitt svar. Men revyen er lokal, vi nemner berre: fire nye fjøs er opna i bygda siste året, ny bygdebok kom ut i vår og ein rundtur i bygda blir det. «Det er ikkje for seint å gjere nye sprell,» slår Nils Ove fast, «vi er hyperaktuelle og fleksible!»

«Ulltruser – kan det kome på moten igjen?» – forstår det slik at det er tittelen på ein sketsj – det kan no bli litt av kvart!

Revygjengen har interne musikarar: Lars Sæther, Jens og Rune Moe. Men det kjem også to gjesteartistar, men kven det er, vil dei ikkje røpe.

Det er premiere på revyen 3. juledag, da blir det to framsyningar:  kl. 15.00 og  kl. 20.00. Om kvelden blir det også dans til musikk ved «Verdiløse Menn». «Riktig flott dansemusikk!» – det lovar Laila.

Billettar er å få kjøpt på Hals og så blir det sal av billettar ved inngang. Da er det berre å glede seg til ein ny revy i ei levande bygd!

Publisert: 13. desember 2016, 23:13