Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur utover til Haltbakkan; blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. april 2017

Etter ein lang påskeferie er det klart for ny Kløvertur måndag 24. april. Turen går frå Nordvik og utover Haltbakkvegen, fin grusveg og ikkje bratt. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl. 11.00.

Fint uti Haltbakkvegen. Foto: Dordi J H

YR lovar sol, så det er planlagt å ta ein rastepause; –  da kan det vere kjekt å ha med litt drikke og noko å bite i. Blir det dårleg ver, blir anna turmål bestemt ved oppmøte.

Alle, folk både innafor og utafor Kammen/Svinviktunnelen, er velkomne til å bli med ut og gå!

Triveleg på Kløvertur! Her frå siste turen før påske, men kaldt å kvile på stein! Foto: Dordi J H

 

Publisert: 23. april 2017, 15:42