Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange takk til Bernt og Bernt!

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. mars 2017

Både sokneprest Bernt Venås og organist Bernt Bøe avslutta i løpet av hausten 2016 tenesta si i Stangvik prestegjeld. Søndag kveld var det tid for å gi dei stor og velfortent takk etter lang, trufast og god teneste. Dette vart gjort under ei interessant, triveleg og underhaldande samling i kyrkjelydsrommet i Stangvik prestegard søndag kveld. Bernt Venås vart tilsett som sokneprest i Stangvik i 1988, og Bernt Bøe har vore organist sidan 1998 i Stangvik, men begynte som organist i Åsskard på 1970-talet.

Leiar i Stangvik sokneråd, Rannveig Brøske, ønskte alle velkomne før ho gav ordet til prost Leif Endre Grutle, som underheldt med tekster av Jakob Sande. Han opna med å synge diktet «Fabel» om gåsa og katten og hanen som drog til Kongen i København – prektig framføring. Etterpå las han både humoristiske og meir alvorlege dikt av  Sande. Det gjekk frå Simon i Støa som prøvde å ta livet av katten sin med dynamitt til «Da Gud heldt fest i Fjaler». Grutle kunne fortelje at tre av dikta til Jakob Sande er å finne i den nye, norske salmeboka, mest kjend er julesongen «Det lyser i stille grender». Grutle imponerte: Han kunne alle tekstene utanåt og framføringa var knallgod!

Rannveig Brøske takka med å gi fine, handlaga knivar til Bernt Bøe (til venstre) og Bernt Venås. Foto: Dordi J H

Så var det tid for å seie TAKK til Bernt og Bernt.

Rannveig Brøske bar fram takk på vegne av Stangvik sokneråd. Ho takka Bernt Venås for at han er prest og menneske som det er så lett vere glad i. «Du hører til i bygda vår, du er ein nær og folkeleg prest». Ho la vidare vekt på at Bernt prest er lett å kome i kontakt med, at han er den same Bernt i teneste og i fritid. «Du er ein god forkynnar, du er kunnskapsrik og du er lett å samarbeide med. Mange takk for lang og trufast teneste til beste for alle i Stangvik sokn», avslutta Rannveig.

Bernt Bøe fekk stor ros og takk for trygt og godt arbeid, ein dyktig organist som alltid var godt førebudd. Ein organist som var open for nye ting og som sjølv tok initiativ til nye opplegg. «Du har gjeve oss gode musikalske opplevingar opp gjennom åra, og du har ved bruk av den store kontaktflata di lagt til rette for store musikalske opplevingar i kyrkjene våre! Du er eit kulturmenneske i øvste klasse!»- slik avslutta Rannveig Brøske takken sin til Bernt Bøe.

Anders Gjeldnes frå Todalen sokneråd takka med å overlevere fine smørformer som er laga av Gudmund K. Kvendset. Frå venstre: Bernt Bøe, Anders Gjeldnes og Bernt Venås. Foto: Dordi JH

Anders Gjeldnes bar fram helsing og stor takk frå Todalen sokneråd, og han overrekte presten og organisten kvar si smørform slik at dei kunne ha noko å trøye seg med som pensjonistar. Smørformene er laga i Todalen, og mottakarane var «smørblide» da dei takka for gåva.

Soknepresten i Rindal, Lene Gåsvatn, takka Bernt Venås for at han har vore ein klok og god kollega. Prost Grutle roste Bernt Bøe for alt han har fått til innafor historie, kulturliv og ikkje minst musikkliv. Grutle takka Bernt Venås for innsatsen så langt, for godt kollegialt fellesskap i prostiet og for at han har levd så godt saman med folket han er sett til å lede. Grutle orienterte om at Bernt prest ikkje har slutta, han er framleis embetsmann i kyrkja, «han er blitt der han er». Men etter ny ordning kan han ikkje tenestegjere i kyrkja utan å seie frå seg retten til å vere embetsmann. Det er å håpe at departementet kan finne ei god løysing på denne situasjonen etter kvart.

Andre som bar fram takk denne kvelden var  Martinus Ranheim, Bergsvein Brøske, vikarprest Torbjørn Brøske, Olina Halle og ordførar Lilly Gunn Nyheim.

Vi ønskjer både Bernt organist og Bernt prest lykke til vidare, og håpar at dei får riktig mange interessante, gode og trivelege år framover!

Olina Halle kom med velfortente roser. Frå venstre Bernt organist, Olina og Bernt prest. Foto: Dordi J H

Frå reformasjonen og fram til i dag

Bernt Venås heldt eit interessant og engasjerande kåseri med både humor og alvor. Han fortalde små, artige historier frå eiga prestetid, mest frå dei første åra som prest – det var mange praktiske prestehandlingar som ikkje var så lette å utføre godt i starten – utdanninga var av det teoretiske slaget!

Han drog historiske liner frå Martin Luther og reformasjonen fram til i dag. Han poengterte kor stor og positiv innverknad Luther har hatt på utviklinga innafor kyrkja, men også for kultur og samfunnsutviklinga med opplæring og opplysing. Folk fekk Bibelen på eige språk, dei måtte lære å lese slik at dei kunne tenkje sjølve, bestemme over eige liv og ta ansvar for eige liv – det stod i kontrast til datidas pavekyrkje. No er kyrkja lausrive frå staten, men politikarane har bestemt at det framleis skal vere folkekyrkje – i motsetning til «menighetskirke».

Bernt Venås sa at respekt for all slags folk er viktig, respekt for at vi tenkjer og trur forskjellig. «Eg har prøvd å vere prest for folket og med folket, og eg kjenner at eg er blitt akseptert av folket – det er stort! Og kallet om å forkynne det gode budskapet til alle menneska, har alltid vore og er det sentrale», sa Venås.

Prost  for Indre Normøre, Leif Endre Grutle, på preikestolen i Stangvik kyrkje. Foto: Dordi J H

Gudsteneste i Stangvik kyrkje

Før samlinga i prestegarden var det flott gudsteneste i kyrkja. Torbjørn Brøske var liturg, og prost Grutle heldt ei god og interessant preike over ei tekst frå Matteus-evangeliet. Konfirmantane deltok aktivt under gudstenesta og dei ver retteleg dyktige!

Konfirmantane var aktivt med i gudstenesta. Frå venstre Andrea, liturg Torbjørn Brøske og Julie. Foto: Dordi J H

Takkofferet var til Kirkens nødhjelp sin fasteaksjon – «Ja, vi elsker dette vatnet». Tysdag 4. april kjem konfirmantane rundt ï heile prestegjeldet for å samle inn pengar til dette prosjektet.

Damekoret Credo deltok under gudstenesta, organist var Johanne Bjørkhaug; – og det var retteleg flott og sterk salmesong i kyrka denne ettermiddagen!

Desse fire er mellom dei som skal konfirmerast i Stangvikkyrkja til våren. Dei heldt ein liten, fin tale og overrekte blomster og gåve til Bernt Venås. Frå venstre: Andrea, Julie, Bjørnar og Eirik. Foto: Dordi J H

Ny organist er ikkje tilsett – det blir ny utlysing. Og søknadsfristen til prestestillinga gjekk ut 12. mars. Spennande tider i Stangvik prestegjeld.

 

 

Publisert: 13. mars 2017, 11:13