Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur oppå Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. mars 2017

Måndag 20. mars blir det Kløvertur oppå Tjønnmyrå.

Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl. 11.00. Derifrå blir det samkjøring med bil oppover til Vestrum. Oppå Tjønnmyrå kan alle gå i eige tempo ein eller fleire rundar, gå berre i flatt terreng eller ta med eit par bakkar.

YR melder godver, så plana er å ta tid til sosialt samver i den fine gapahuken. Ta gjerne med litt drikke og noko å bite i.

Alle – både «nye» og «gamle» trimmarar, er velkomne til å bli med ut og gå tur!

Her er trimgjengen ute ved Ansneset måndag 13. mars. Frå venstre Marit, Jorunn, Arndis, Eva, Eli, Ester Karin, Synnøve, Åse, Dordi, Jorunn. Foto: Dordi J H

Publisert: 18. mars 2017, 00:22