Til Årnes på stavgang
Surnadal pensjonistlag melder at torsdag 16. mai er det stavgang på vakre Årnes. Parkering ved Jørristua, og turen startar derifrå kl. 11:00.
Vi fann 1028 artiklar i dette arkivet.
Surnadal pensjonistlag melder at torsdag 16. mai er det stavgang på vakre Årnes. Parkering ved Jørristua, og turen startar derifrå kl. 11:00.
Måndag 13. mai vart det Stikk UT!-tur for Kløverturgjengen, Tjønnmyranrunden! Dette er ein riktig så fin tur som passar godt til Kløvertur.
Kløverturen måndag 13. mai blir Stikk UT!-runden om Tjønnmyran. Oppmøte ved Hals, samkjøring derifrå kl. 11.00 oppover til Gammelfabrikken.
Kanskje er den hardaste handarbeidssesongen på hell, det er heller sesong for hagearbeid, våronn og uteliv. Laurdag ettermiddag var det nemleg litt færre enn vanleg som møttest i Sanitetshuset til Fredrikkekaffe. Men dei fjorten som var på plass, fekk ei kjekk stund i lag.
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 11. mai frå kl. 13.00 – 16.00. Alle er velkomne!
Etter veker med finver og gode temperaturar vart det på nytt vinter. Men kløverturgjengen tok ut på tur likevel og fekk ein fin runde innover skogsvegen frå Sanitetshuset.
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 6. mai. Denne gongen startar turen frå Sanitetshuset kl. 11.00. Det blir tur innover skogsevgen eller oppover til Løfta.
Kulturavdelinga i Surnadal kommune melder at arrangementet ved Svartvatnet 1. mai er avlyst p.g.a. at det er meldt dårleg ver. Det er aktuelt å få til eit nytt Stikk UT!-treff seinare.
Etter er ein lang påskepause vart det endeleg Kløvertur igjen. Denne siste måndagen i april var turen lagt til Hala og Husby med Åshild som guide. Veret var strålande, meir sommar enn vår! Og det er riktig så tørt og fint å gå i terrenget.
Første mai opnar Stikk UT!-sesongen 2019, og i år er det ny turrute her i Todalen: Rundtur om Tjønnmyran. Dette er ein fin og grei tur. Turen er 3,7 km lang, og total stigning er 186 høgdemeter.
Måndag 29. april er det klart for ny Kløvertur. Denne gongen blir det rundtur på Hala og Husby. Oppmøte på Hals kl. 11:00, samkjøring oppover til Austistua.
No er det snart mai, og det er tid for å pynte både seg sjølv og bilen eller andre kjørety litt ekstra. Todalen sanitetsforening vil selje maiblomster laurdag 4. mai framfor Hals frå kl 10.00 til kl. 16.00.