Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor deltaking og stor innsats på lagserieavslutninga.

Dordi Jorunn Halle Torsdag 20. juni 2019

Det nærmar seg jonsok og ferietid med rolegare dagar, og derfor er det mange sommaravslutningar no om dagen. Torsdag kveld var det tid for sesongavslutning for lagseriestemna. Her var det stort oppmøte, heile 24 ungar og mange vaksne!

Her er komiteen: Frå venstre: Anders, Julia, Mali, Gunnar og Natascha, Ola. Foto: Dordi J H

Gunnar Nordvik frå Ski- og friidrettsgruppa fortalde at det hadde vore ein riktig så vellykka vårsesong for lagseriestemna, spesielt bra dei siste gongene med deltaking frå Nordvik. «Riktig så kjekt at nordvikgardingane har vore med på friidrettskveldane på Bordholmen», seier Gunnar. Ungane, både frå Todalen og Nordvik, har vorte flinkare både med løping, hopping og kasting utover våren.

No er det klart for terrengløp! Foto: Dordi J H

Full fart ut frå mål! Foto: Dordi J H

Hallvard i godt driv! Foto: Dordi J H

Torsdag kveld var det først terrengløp, stor innsats og god fart! Terrengløypa går i delar av lysløypetraseen og resten er gjennom skogen, lengda er 800 meter. Etter springinga vart det forskjellige aktivitetar. Somme leika «Boksen går», andre tok ein runde i klatrejungelen, sandkassen var populær og nytt for kvelden var «kasting av klossar i  kasseblink». 

Kven får flest klossar opp i kassane? Foto: Dordi J H

Det vart treff! Foto: Dordi J H

Det var varme på bålpanna, kaffe på svartkjelen, bakels, pannekaker og store fruktfat.

Både ungar og vaksne kosa seg. No tek lagseriestemna pause, men når skulen startar opp att i august, blir det også nye kveldar med lagseriestemne på Bordholmen.

Fleire bilete frå sesongavslutninga på Tjønnmyran:

Rikleleg med sunn og velsmakande servering! Foto: Dordi J H

Triveleg å samlast rundt bordet oppå Tjønnmyrå. Foto: Dordi J H

Godt med pause frå kasting og springing! Foto: Dordi J H

Klatring og balanse er kjempebra! Foto: Dordi J H

Tru kva det er inne i boksen?? Her er det ikkje lov å sjå, berre kjenne! Foto: Dordi J H

 

Publisert: 20. juni 2019, 21:21