Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KløverRUSLEtur i sommarver

Dordi Jorunn Halle Måndag 24. juni 2019

Måndag 24. juni inviterte Sanitetsforeninga til Rusletur, siste Kløverturen i vårsesongen 2019. Dette vart ein fin sommardag, så da gjekk turen til Småbåthamna der det er fint å samlast ved sjøen.

Jorunn og Ingrid først i løypa. Foto: Dordi J H

Kjekt å gå tur i lag synest Ove, Grethe, Anne Helene og Karen Johanne. Foto: Dordi J H

I dag vart det over 20 personar med på tur, da vart det ekstra kjekt og sosialt rundt kaffeborda. Kaffepausen vart lang, og da vi avslutta, var brødfata tomme, men alle var godt forsynte og  fornøgde.

Mange rundt borda i Småbåthamna. Foto: Dordi J H

Godt med kaffe og kaker. Brynhild og Ester Karin. Jorunn Ø har pynta borda med fine blomsterbukettar, og ho stilte også med ekstra stolar og bord. Foto: Dordi J H

Kløvertursesongen starta opp 4. februar, og i alt har det vorte 18 turdagar i all slags ver og føre. No blir det pause fram til midten av august. Men det er viktig å halde forma ved like og ta turar ut jamt og trutt!

Da er det å håpe på ein fin sommar og mange gode Kløverturdagar når hausten kjem!

Her er fleire bilete frå Rusleturen:

Triveleg prat rundt borda. Foto: Dordi J H

Kjekt med sol og sommar! Frå venstre: Jorunn, Eli og Anne Helene. Foto Dordi J H

Vi fekk kjekt besøk av Terje og Sigmund som dreiv med frakting av tømmerstokkar. Her i lag med Karen Johanne. Foto: Dordi J H

Fin dag ved sjøen. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 24. juni 2019, 19:46