Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 897 artiklar i dette arkivet.


Interessant årsmøte for Todalen sokn

Dordi Jorunn Halle Sundag 25. februar 2018

Andre søndag i faste, og Todalen kyrkje var fint pynta i fargene som høyrer til fastetida. Kirkens Nødhjelp har kvart år fasteaksjon, og i 2018 er temaet: «Saman sørger vi for livsviktig reint vatn til enda fleire menneske.» I år er datoen for fasteaksjonen her 20. mars, og da kjem konfirmantane rundt til heimane i bygda slik at alle kan vere med å hjelpe.


Øygardshalsen – fint turmål

Dordi Jorunn Halle Fredag 23. februar 2018

Øygardshalsen er eit av dei seks turmåla i Stikk UT! Ski i Surnadal kommune. Dette er ein fin tur i ganske flatt terreng og er familievenleg. Turen startar frå klubbhuset til Søya på Vang.


Historielaget med ny filmkveld

Dordi Jorunn Halle Torsdag 22. februar 2018

Tysdag 27. februar blir det filmkveld i Ungdomshuset. Todalen historielag er arrangør, og Svein Åge Saksen viser film frå eit rikhaldig arkiv. Filmframsyninga startar kl. 19.30.


Kløvertur i flott vinterver

Dordi Jorunn Halle Måndag 19. februar 2018

Etter langt eit opphald med julehelg og «mørketid» er det på nytt tid for Kløverturar i regi av Sanitetsforeninga i Todalen. Måndag 19. februar gjekk tur nummer to i 2018 av stabelen.


Kløvertur oppover Øyalia

Dordi Jorunn Halle Laurdag 17. februar 2018

Måndag 19. februar er det ny Kløvertur. Da går turen frå Ungdomshuset og etter skogsvegen oppover Øyalia.


Årsmøte i Heimbygdlaget

Dordi Jorunn Halle Torsdag 15. februar 2018

Det blir årsmøte i Surnadal Heimbygdlag måndag 19. februar kl. 19.00. Møtestad er Kallastuå på Vårsøg Hotell.



Godt årsmøte i Sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Onsdag 7. februar 2018

Tysdag 6. februar var 19 medlemmer samla til årsmøte i Todalen sanitetsforening. Etter god, gammel tradisjon starta møtet med kvikk allsong; denne kvelden var det tid for nasjonalsong da det var samenes nasjonaldag.


Varm velkomst til nypresten i Todalen

Dordi Jorunn Halle Sundag 28. januar 2018

Søndag vart prest Kristin Strand ønskt varmt velkomen av kyrkjelyden i Todalen. «Det er trygt og godt at vi no har fått fast prest i soknet vårt,» sa leiaren i soknerådet Britt Mossing da ho ønskte Kristin Strand velkomen.


Søndag: Ettermiddagskaffe med Nils Røv

Dordi Jorunn Halle Laurdag 20. januar 2018

Førstkomande søndag, 21. januar kl. 15:00, arrangerer Todalen historielag ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Denne dagen blir det program med Nils Røv som både kåserer, viser bilete og spelar munnspel!


Ny bygdebok for Surnadal presentert

Dordi Jorunn Halle Onsdag 13. desember 2017

«Dette er ein stor dag for oss!» – slik opna Siv Oddrun Snekvik presentasjonen av den nye bygdeboka for Surnadal. Dette er band 2 og omfattar området frå Brøskja ytst i Stangvik og til og med Kvanne.


Triveleg førjulstreff med utdeling av barnets lykkeskilling

Dordi Jorunn Halle Torsdag 30. november 2017

Todalen sanitetsforening tjuvstarta adventstida med å invitere bygdefolket til førjulstreff siste dagen i november. Heile 40 personar møtte opp til sosialt samvær og julemiddag i Sanitetshuset.