Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertrimmen på hyttetur

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. mars 2019

Kløverturen denne veka gjekk frå Snøya og utover til Gammelvegen og ned til Svinvika. Her var det fint å gå, heldigvis ingen glatte vegbitar lenger.

Somme gjekk heile Svinvikrunden, andre tok turen fram og tilbake i eige tempo og lengde. Men uansett kor turen gjekk, går det akkurat i passe tempo til at praten kan gå lett.

Kjøle fint å gå tur i Gammelvegen. Foto: Dordi J H

Framfor Myklebu. Her går fjorden inn mot Todalen. Foto: Dordi J H

Sjølv om YR lova sol, kom ho ikkje fram. Det var rett og slett litt hustre og gråkaldt. Men det gjorde ingen ting da heile  turfølget var invitert inn på hytta til Synnøve og Steinar for å ta kaffepausen. Der var det lunt og godt, og det vart ei riktig så triveleg stund rundt borda. Rett og slett kjempekjekt! Steinar som er sunnmøring, syntest det var stas med besøk. Men han hadde eit ønske, og det var at turfølget måtte synge Todalssongen av Leif Halse. Da vart det ekstra stemningsfullt inne i tømmerhytta med utsyn innover mot Todalen:

«Der fjorden går mot fjella inn, ligg dalen djup og smal

med vollar under bratte li og skog så mørk og sval.

Og elva går i foss og sving, og Trollheimsfjella står i ring

kring gamle Tovadal». 

Det er kjøle kjekt at folk som ikkje bur fast i bygda, også blir med Kløvertur. 

Til slutt: Tusen takk til vertskapet for god og hyggeleg kaffepause i Myklebu!

Mange på tur i dag, og. Fremst frå venstre: Helga, Åshild, Marie, Jorunn, Sigrun, Marit, Dordi, Berit, Synnøve, Helen, Arndis. Attom frå venstre: Åshild, Ester Karin, Synnøve, Steinar, Kari. Foto: Dordi J H

Koseleg med kaffelag. Frå venstre: Sigrun, Dordi, Jorunn. Foto: Dordi J H

Godt å koma inn i dag! Frå venstre Arndis ,Marie, Ester Karin og Synnøve som tek bilete av gjestene. Foto: Dordi J H.

Det gjer så godt med tur og trim! Frå venstre: Jorunn, Kari, Helen, Helga. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 4. mars 2019, 16:41