Trønderar på Todalstur
Malvik hagelag nytta godveret laurdag til tur til Todalen. Første stopp var naturleg nok arboretet. Der nytta dei god tid til vandring i den interessante og fine hagen, men det var litt for tidleg til full blomstring.
Vi fann 759 artiklar i dette arkivet.
Malvik hagelag nytta godveret laurdag til tur til Todalen. Første stopp var naturleg nok arboretet. Der nytta dei god tid til vandring i den interessante og fine hagen, men det var litt for tidleg til full blomstring.
For femte året på rad inviterte DRIVA og laget Vårsøg til debatt. Temaet i år var kroppshysteri og følgjene av dette. Svorkasalen var fullsett da redaktør Tjelle ønska velkomen til debatt, han var gledeleg overraska over at så mange hadde møtt fram i finveret. Tydelegvis er temaet aktuelt, og arrangørane hadde skaffa eit breitt samansett, […]
Onsdag 25. juni var det klart for årets første trimtur i regi av trimgruppa i Todalen idrettslag. Godveret og sola kom da vi starta opp frå vedahuset på Haugligardane. Ola Bruset var turleiar og kjentmann.
Tysdag 10. mai klokka 18.00 blir det kurs i førsthjelp på Bordholmen. Det er omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som er arrangør.
Søndag første mai kom ny kode på plass i turkassen i Svinvikrunden. Det og det riktig så fine veret inspirerte nok mange til å ta ut på tur. Heile 133 namn vart noterte i boka! Det utan at det var noko som helst organisert opplegg. Rett og slett knallstart på ny StikkUT-sesong!
Søndag første mai går startskottet for Stikk UT! 2016. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder om stor pågang og interesse for årets Stikk UT!
I fint og godt vårver starta Stavganggruppa sesongen i Svinvika torsdag 28.april. Heile 35 ivrige stavgangarar var møtt fram. «Godt folk har godt ver!» vart det sagt.
No har russen i Surnadal alt klart for russefeiringa som startar med «dåp» utanfor Kulturhuset laurdag. Da får ordførar Lilly Gunn Nyheim æra av å vere «prest». Surnadal Sparebank er hovedsponsor for russen, og onsdag etter skuletid inviterte dei russen til treff i banken.
Sist helg heldt NKS Møre og Romsdal årsmøte i Molde. Litt over 60 engasjerte sanitetskvinner frå vel 20 lokallag møtte til det 73. årsmøtet i fylkesforeininga – eit inspirerande og godt årsmøte i følge leiar i Todalen sanitetsforening Maren Ansnes.
Til tross for surt og kaldt ver vart det ein flott start på fotballsesongen på Bordholmen. Årets første kamp var eit lokaloppgjer mellom Surnadal 1 og KUST 2 i klassen jenter 12.
No er det snart tid for ny Stikk UT!-sesong i regi av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Dette opplegget har vorte ein stor suksess dei siste åra, i 2015 vart det registrert heile 180 000 turar fordelt på 10 000 ulike turgåarar!
Siste kvelden i mars heldt Todalen historielag årsmøte i Ungdomshuset med god deltaking, heile 32 medlemer var møtt fram.