Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsgutar deltok i Svorka-kaurusellen

Dordi Jorunn Halle Fredag 15. mars 2019

Torsdag 14. mars vart det siste rennet i Svorka-karusellen arrangert på Nordmarka skisenter. Fem gutar frå Todalen har vore med på dei fleste av dei fem renna i vinter, og torsdag vart det premie for innsatsen. Alle fekk medalje, turkopp og «skiband» for å binde saman skiene under frakting.

Surnadal IL Langrenn er arrangør av Svorka-karusellen som er eit lågterskelrenn for alle aldrar. Løypelengda er +/- 500 meter, individuell start, startnummer og med tidtakarband rundt foten. Svorka har vore sponsor denne sesongen og ordna mellom anna med startnummer og medaljar til alle. Målet for idrettslaget er å få så mange som mogleg ut på ski, og deltakinga i vinter har vore stor. Første kvelden møtte det over 70 ungar.

Dette har vore kjekke arrangement med stor skiglede og godt sosialt samver. Gutane frå Todalen syntest dette har vore artige kveldar.

Fine medaljar! Karane avslutta sesongen med ein tur innom Napoli! Foto: Trygve H.

 

 

 

 

 

Publisert: 15. mars 2019, 17:50