Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 899 artiklar i dette arkivet.



Fin, ny informasjonstavle oppsett i Svinvika

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. juni 2018

Onsdag kveld i nydeleg ver vart ei ny og fin informasjonstavle oppsett ved starten av Svinvikrunden. Her kan ein lese historie om dei tre vegane som har utgangspunkt i Svinvika- vegar som er bygde i kvart sitt hundreår. Vidare er det opplysningar om trimruta, altså, Svinvikrunden, kart og bilete


Utvida opningstid i Svinviks arboret i dag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. juni 2018

Svinviks arboret melder at dei har utvida opningstid i dag, 6. juni. Dei held ope frå kl. 11.00 til 21.00. Dette skjer i samband med at Nordvik grendalag og Todalen historielag skal avduke informasjonstavle om Svinvikrunden kl. 19.00.


Avduking av informasjonstavle

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. juni 2018

Nordvik grendalag og Todalen historielag har fått laga ei informasjonstavle om Svinvikrunden. Det blir avduking av tavla onsdag 6. juni i Svinvika. Dette skjer kl. 19.00.



Spennande jentekamp på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Tysdag 29. mai 2018

Tysdag kveld var det ein spennande og underhaldande fotballkamp på Bordholmen. Søya/Todalen møtte Rindal i klassen J 10.


Tur til Valsøyfjord

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. mai 2018

Leiaren i Todalen historielag minner om at fristen for å melde seg på turen til Valsøyfjord er 1. juni. Det er framleis nokre få ledige plassar i bussen. Påmelding til Marit Haugen eller John Moe.

Stangvik historielag og Todalen historielag inviterer til busstur 9. juni. I fjor gjekk turen til Oppdal – i år går turen til nabokommunen vår Halsa, nærare bestemt Valsøyfjord.


Mange vart med på Kløverrusletur

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. mai 2018

Måndag 28. mai var det tid for årets første RUSLETUR, og riktig mange møtte opp for å vere med på trim med kaffelag i godt turver.


Fotballfest på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 26. mai 2018

Laurdag 26. mai gjekk andre runde i Nordmøre Championship av stabelen på Bordholmen. Her møttest tre lag til dyst, nemleg Rindal, Søya og Todalen, og det vart tre spennande og artige kampar.


Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Fredag 25. mai 2018

Måndag 28. mai inviterer Saniteten til Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå. Her er det fin gapahuk og fine, faste grusvegar å gå etter. Her kan ein gå så kort eller langt ein vil i eige tempo, og ein kan ta seg fram med både rullator, krykkjer eller stavar.


Kløvertur i strålande ver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. mai 2018

Da var dagen komen for Kløvertur oppover Romålia. Ni damer starta frå Heggøyan med Haukarsteinen som mål. Veret var aldeles nydeleg, sol og varmt, men med ein og annan vindpusten «som den heite panna svala».


Stor oppslutning om basaren til inntekt for Toåa Tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. mai 2018

Søndag ettermiddag arrangerte Todalen idrettslag basar til inntekt for Toåa Tursti. Sjølv om det var retteleg godver, kom det mykje folk, og det vart god, gammeldags basarstemning i Ungdomshuset.