Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Finverstur på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Måndag 8. april 2019

Måndag 8. april kom med retteleg finver og sol, om enn litt skarp og kald luft, og det vart ein kjempefin Kløvertur utover etter Haltbakkvegen på Nordvik.

Godt og kjekt å endeleg kunne gå Kløvertur i sol frå klår himmel, på berr veg og utan snø på vegkanten  – det har vore mange styggversturar så langt denne sesongen. I dag viste Nordvik seg frå si beste side med stille fjord, snøkledde fjell og hestehov langs vegen – vakkert!

Kjekt å møte nordvikgardingar, og! Mali, Ingrid og Eli. Foto Dordi J H

Matpause i sola! Foto: Dordi J H

Turgåarane starta frå Sjøleet og gjekk uti Haltbakkan før dei snudde innatt og tok kaffepause i gapahuken hans Magnar. Fin plass og godt å raste der. Godt både med mat, drikke og pratestund! Dordi spanderte gode sveler på alle – det sette ein spiss på kaffepausen.

No tek Kløverturen påskeferie, neste gong blir ikkje før 29. april. Men YR lovar kjøle fint ver framover så det er berre å ta ein tur kvar dag!

Jacqueline stilte på tur i dag, ho vart imponert over dette spesielle treet, og jammen var ho så sterk at ho kom seg opp! Foto: Dordi J H

Kjekt med så fin ein plass til rast! Foto: Dordi J H

Her er det fint å gå! Foto: Dordi J H

I bakgrunnen Nordvikgarden og Sulå. Tru kva Jorunn og Helen ser? Jacqueline til venstre.  Foto: Dordi J H

Frå venstre: Dordi, Åse, Helen, Eli, Helga, Synnøve, Arndis, Karen Johanne, Jorunn, Ester Karin, Jacqueline, Jean. Foto: Dordi J H

Publisert: 8. april 2019, 17:29