Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 898 artiklar i dette arkivet.


Stavgang i Bøfjorden

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. mai 2018

Heile 37 trimmarar møtte opp til stavgang ute i Bøfjorden. Gjengen møttest på Elvaneset i godt ver, og derifrå gjekk folk i ulike retningar og i ulikt tempo.


Nordvikstranda. Foto: Dordi J H

Strandryddedag på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. mai 2018

Laurdag 5. mai er det den store strandryddedagen i Norge. På Nordvik følgjer dei opp ein god tradisjon og arrangerer strandrydding langs strendene på Nordvik.


Maipynt med meining – laurdag kan du kjøpe maiblomst!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. mai 2018

Laurdag 5. mai blir det salg av maiblomster framfor Hals, både bilblomster, krans og pin. Sanitetskvinnene har seld maiblomster sidan 1909, og har skaffa over 200 millionar kroner til inntekt for folkehelsa. I år går inntekta til arbeid til beste for barn og unge landet over.


Aksjonsveke: Hald Midt-Norge reint! Kløverturgjengen tok eit tak for miljøet.

Dordi Jorunn Halle Måndag 30. april 2018

I dag slo Kløverturgjengen til med «plogging»! Dei trimma og plukka søppel i strandområdet rundt Småbåthamna og litt utover Stranda. «I dag slo vi minst «tre fluger i ein smekk»: vi trimma, plukka søppel og hadde det kjekt i lag!» – slik oppsummerte dei ryddeøkta.


Stavgang i Stangvika

Dordi Jorunn Halle Torsdag 26. april 2018

Sesongens første stavgangtur gjekk frå Brøske til Brøskehagan. 31 stavgangarar var med på turen i godt ver, stilt og fint ute i Stangvika i dag sjølv om sola ikkje kika fram.


Kløvertur med strandrydding

Dordi Jorunn Halle Onsdag 25. april 2018

Årets strandryddedag er laurdag 5. mai og er ein del av strandryddeveka frå 30. april til 6. mai. Derfor blir Kløverturen måndag 30. april tur med strandrydding, – vi skal altså ut å «plogge» – både trimme og plukke søppel!


Bjøråskaret blir nytt turmål i Stikk UT!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 21. april 2018

Første mai startar årets Stikk UT!-sesong, og nedanfor ser du alle turane i Surnadal kommune. Det trykte Stikk UT!-kartet blir sendt til alle husstandar i løpet av veke 17. Om du ikkje får det i posten, kan du hente det på servicekontoret i kommunen.


Dagar med variert aktivitet i Sanitetsforeniga

Dordi Jorunn Halle Tysdag 17. april 2018

Dei siste dagane har det vore variert aktivitet i Sanitetsforeninga med leseven i skulen fredag 13, april, dagen etter var det strikkekaffe og på måndag som vanleg Kløvertur. Og i dag er det Estlandsinnsamling.


Estlandsinnsamling

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. april 2018

Sanitetsforeninga i Todalen arrangerer også denne våren innsamling av klede til folk i aldrar i Estland. Dette er eit samarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll frå Rindal. Dagen for innsamling er onsdag 18. april frå klokka 16:00 til 19:00.


Kløvertur utover til Nessahaugen

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. april 2018

Endeleg vart det litt i vår i lufta og mestå berre vegar slik at Kløverturgjengen kunne gå trygt og godt utan broddar og joggepiggskor – godt!


Kløverturen startar vårsesongen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. april 2018

Måndag 9. april blir det Kløvertur – da er påskeferien slutt. Som vanleg er det oppmøte ved Hals og turen startar kl. 11.00.


Middag i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Tysdag 3. april 2018

Todalen sanitetsforening inviterer folk i bygda til middag i Sanitetshuset torsdag 12. april kl. 13:00. På menyen står «Kjøtt i mørke», kaffe og kaker.