Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag minner om filmkveld i Ungdomshuset i kveld.

Dordi Jorunn Halle Tysdag 26. februar 2019

HISTORIELAGET INVITERER TIL FILMKVELD MED LOKALE KJENDISAR OG MANGE GODBITAR!

Tysdag 26. februar blir det filmkveld i Ungdomshuset. Todalen historielag er arrangør, og Svein Åge Saksen viser film frå eit rikhaldig arkiv. Filmframsyninga startar kl. 19.30.

Programmet for kvelden er slik: Først blir det om lag ein halv time med film, så blir det pause med kaffe og kaker. I pausen blir det tid til mimring og god prat. Etter pausen blir det ein ny sekvens med film, ca ein halv time da og.

Svein Åge har lagt ei fin plan for kvelden. Tema før pausen blir: «Tre med variasjonar». Nordmørsfuru og spesielt Todalsfuru – dei er høge og ranke; i 1982 vart det mast til Saga Siglar og i 2018 mast til Nordlandssjekta «Brødrene».

Vi får sjå Bjørn Halle og Erling Halle i skogen på Hjellnes i 1991 – da for å finne båtbord og masttre til «Borgundknarren» som vart bygd Bjørkedalen i Volda. Storfurua det her er tal om har toppmål 60 cm på 12 meter! Det blir 4 hudplankar. Det blir tur innom Ansnessaga og båtbyggarverkstaden i Bjørkedalen. Vi får sjå båten til Åsmund Vangstad, «Ægir»,  bygd av tømmer frå Halset og Øyalia.  Jon Godal hentar Todalsfuru til takspon for stavkyrkjer i Uvdal og Nore.

Jon Bojer Godal hentar stortolle i Øyalia. Foto: Jon Bruset.

Etter kvart blir litt det om furu og lafting – det blir besøk hos Hånadlafter’n, Odd Magnar Gjeldnes. Så OL-elden frå 1994, tent i Morgedal med ei 1300 år gammal Nordmørsfuru, Olav Bekken frå Tingvoll Museum kan og kunne denne kunsten. OL-elden kjem til Todalen – siste etappe med Jo Gjeldnes. Til sist laupstreng i Moabergå, og det blir glimt av trekunsten til Magne Søyset og Nils Olav Talgøy.

Etter pausen kan det bli innslag med Jostu og Hans frå Pakkhuset Pub i 2010. Vidare «Jobus «og «Villaksane» og Tone Søyset med Nordmørsminne. Kanskje får vi møte Sigvart Husby i lag med Olav Kvendset ….

Her blir det mange interessante godbitar og lokale kjendisar!

ALLE ER VELKOMNE TIL FILMKVELD!

 

 

 

 

Publisert: 26. februar 2019, 10:05