Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor interesse for «salong-salg»!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 1. august 2019

Sigrid Elise Talgø inviterte til «salong-salg» på Tovbu i Øyagrenda. Mange kom for å sjå, mange fann både riktig fine og nyttige saker her! Nesten ingen gjekk tomhendte heim att!

Dordi Fedje fann seg fine koppar. Sigrid Elise er klar til å pakke inn koppane. Foto: Dordi J H

Triveleg å treffast framfor salongen. Frå venstre: Kristen, Hans, Sigrid Elise, Line Marie, Åse Johanne, Klara og Ingun. Foto: Dordi J H

Kristen Bruset fann akkurat dei glasa han trong! Ingun hjelper til med innpakking. Foto: Dordi J H

Tovbu er barndomsheimen til Sigrid Elise, og bakgrunnen for salongsalet er at familien planlegg å selje huset. Tovbu er eit stort hus, og det er ikkje råd å flytte med seg alt som finst der for familien – derfor «salong-salg». Tovbu var bygd som meieri i 1928, og på 1950-talet fekk Todalen Samvirkelag laga eit tilbygg til meieriet for å opne butikkfilial. Meieriet vart nedlagd i 1963, og i 1969 kjøpte Narve Talgø meieriet og filialen. Synnøve og Narve Talgø pussa opp og sette i stand huset og budde her fram til for eit par år sidan. Synnøve som var frisør, ominnreidde filialen til frisørsalong – derfor vart det altså «salong-salg».

Mykje spennande og interessant her i salongen. Foto: Dordi J H

Sigrid Elise har hatt av hjelp av barndomsvenene Ingun og Line til å organisere salget, og dei har servert kaffe. Veret har vore rett så fint dei to salsdagane, så det har vorte mang ei triveleg kaffestund framfor filialen! «Sosialt og kjempetriveleg!» seier dei og er glade for at mange både frå bygda og utanfrå har vore innom både for å sjå, handle og få ein prat!

Det meste av det som no ikkje er seld, blir levert til Todalen idrettslag og blir «lopper» på Todalsdagen i 2020.

Sigrid Elise var kjøle godt fornøgd med salet, ikkje minst synest ho det var kjekt at så mange kom innom, tok seg tid til ein prat og kosa seg.

Fleire bilete frå «salong-salet»:

«Midt i blinken for meg!» Maria er godt fornøgd med handelen. På veggen heng det eit barnesete for spark, eit klenodium som vart seld i dag. Foto: Dordi J H

Kjøle kjekt å treffast synest Anders, Marte, Line Marie, Ingun og Brit. Mange av dei bur langt frå kvarandre til dagleg! Foto: Sigrid Elise

Både store og små kunne finne noko ein hadde lyst på inne i salongen. Foto: Dordi J H

 

 

 

Publisert: 1. august 2019, 20:22