Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tur til Rødsetsetra på Ålvundeidet

Dordi Jorunn Halle Sundag 30. juni 2019

Veret var ganske ruskåt på starten av dagen, og det må nok ta ein stor del av skulda for at ikkje fleire enn 5 personar møtte opp ved Rødsetgarden for å ta turen opp til dei nyrestaurerte seterhusa i lag med Reidun B. Rødset som stilte opp som «gaid» på turen.

På tur opp lia.

Her låg Gammelsetra. Ein ser framleis novsteinane.

Attom garden gjekk vi først gjennom kulturbeita, og Reidun fortalte at både den gamle stien og den nye skogsvegen opp til setra starta her. Skogsvegen vart bygd i to etappar, og siste delen vart ferdig i 2000. Stien går bratt opp nær Seterbekkjen, og er for det meste rydda, men vi valgte å gå etter skogsvegen som går i slakare slynger opp lia. Setra ligg på ca. 500 m o h. Reidun fortalte om plassane vi gjekk forbi, bl.a. passerte vi Fell-steinen, der det «i gamle dager» var sett opp feller til mår og røyskatt. Litt lenger opp, ovom granskogen, kom vi forbi «Gammelsetra», der såg vi novsteinar. Dei hadde og ei anna «gammelseter», denne låg ved Litjvatnet. Truleg er båe desse setrene flytta og oppattbygd der setra no ligg. Dette meinte ho at kunne bekreftast ved at dei kunne sjå at det var «skøytar» i det gamle byggverket da dei tok til med restaureringsarbeidet.

Reidun fyrer opp for svartkjelkaffe.

Seterdrifta tok slutt i 1951, og etter den tid stod husa til forfall i mange år. Men i 1977 tok restaureringsarbeidet til, først med nytt torvtak på Oppistuskjelet. Enda var adkomsta til setra berre etter den gamle seterstien, og alt vart bore opp. Reidun fortalte at dei ein gong forsøkte å frakte materialar opp med snøscooter, men det vart for bratt, han måtte gje opp! I 1981 vart det leigd helikopter, og dei fekk da opp materialar slik at den andre helvta av taket, pluss ein yttervegg vart skifta.

Så, i 1987, vart det bygd skogsveg halveges opp lia. Sommaren 1999 vart ei sag montert oppe på Gammelsetra, og her vart det skore materialar til meir restaureringsarbeid. Året etter, i 2000, vart det bygd skogsveg heilt opp til setra, og hadde ikkje han kome, hadde nok ikkje det vidare arbeidet med restaurering vorte fullført. Vi fekk sjå bilete av det store gamle fjøset før restaureringsarbeidet tok til, dei var optimistar som starta her, vi tek ikkje for mykje i om vi seier at det var til «nedfalls»!

Oppistuseterfjøset i gamle dagar. Albumbilete – fotoeigar Rødsetfamilien.

Oppistufjøset før restaureringa. Albumfoto – fotoeigar Rødsetfamilien.

Først på 2000-talet, vart det skikkeleg fortgang på restaureringsarbeidet, og sommaren 2001 hadde heile familien og venner mange og lange arbeidsdagar her oppe. Men det var ikkje berre arbeid og slit, Reidun fortalte og om mange trivelege stunder med besøk av «fjellfolk», grilling og kaffe frå svartkjelen.

Når vi ser på bilete av seterhusa før restaureringsarbeidet tok til, og på resultatet, forstår vi godt at Rødsetfamilien har fått kulturprisar  – både frå Sunndal kommune og frå Møre og Romsdal fylke. Siste tilskuddet på setra er eit lafta hus, som Lars Olav Rødset har sett opp på murane der det eine fjøset stod.

Reidun hadde mykje å fortelje, både opp lia og oppe på setra. Ho var snar til å fyre opp på bålet; henta kaffevatn, og snart dufta det svartkjelkaffe over heile setervollen! Ho fortalte og at ho hadde laga album med bilete og tekster frå heile restaureringsarbeidet – eg var så vidt inne og kika på dei før vi avslutta turen – du verden, seier eg, så bra!!

Laftahuset på tomta til Nistufjøset.

Vi som var med på turen, kosa oss verkeleg – veret vart etter kvart bra og – berre så synd at ikkje fleire vart med! Tusen takk til Reidun som vart med oss på turen!

Tekst og foto: Marit Haugen.

Fleire bilete frå turen til Stangvik historielag:

Kaffien er godkjent av Nils.

 

Publisert: 30. juni 2019, 18:45