Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kalla i Roma

Dordi Jorunn Halle Tysdag 6. august 2019

I 2013 reiste Gjertrud og Odd Ingar Skrøvseth til Roma for å følgje i Kalla Skrøvseth’s fotspor. Kalla reiste til Roma i 1952 for å studere mosaikk-kunst, noko som ho seinare arbeidde mykje med, og det betydde mykje for ho som kunstnar i alle år.

Odd Ingar Skrøvseth i Kallastua. Foto: Dordi J H

Søndag 11. august kl. 13:00 vil Gjertrud og Odd Ingar kåsere om Kallas møte med kunstnarbyen Roma. Dei vil også vise bilete og fortelje om eigne opplevingar i Italias hovedstad.

Bjarne Stenberg har framleis salsutstilling i 1. etasje.

Dette er siste opningsdagen denne sesongen. Det er også ope førstkomande torsdag i tida kl. 15:00 – 19:00.

Gratis inngang.

Alle er velkomne!

Bjarne Stenberg har salsutstilling – mange riktig fine bilete. Foto: Dordi J H

Publisert: 6. august 2019, 20:12