Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 894 artiklar i dette arkivet.


Trim og kaffelag ved Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. juni 2018

Base for dagens Kløvertur var Sanitetshuset i Todalen. Her vart det turar i mange variantar: Rusletur i bustadfeltet på Kvennset, somme gikk ein kort runde og andre tok ein noko lenger tur. Ei tredje gruppe gjekk langt innover skogsvegen ovanfor Kvennsetgardane, medan den siste gruppa trong å gå motbakkar og gikk opp til trimposten ved Løfta. Men alle gjekk tur og alle var ute i frisk luft – det er målet med Kløverturane.


Kløverrusletur ved Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 16. juni 2018

Måndag 18. juni inviterer Saniteten til RUSLETUR i Kvennsetøran bustadfelt. Denne gongen blir det oppmøte ved Sanitetshuset der vi skal ha base. Vi møtest til vanleg tid kl. 11.00.


Trimtur til Ansnessetra

Dordi Jorunn Halle Torsdag 14. juni 2018

Trimgruppa i Todalen idrettslag arrangerer trimturar onsdagskveldande i juni, og onsdag 13. gjekk turen til Ansnessetra. Turleiar var Jorunn Nordvik.


Fotpleie i juni

Dordi Jorunn Halle Tysdag 12. juni 2018

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem tysdag 26. juni og onsdag 27. juni. Ho har mange ledige timar båe desse dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]


Rusletur ved Gammelfabrikken

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. juni 2018

Gammelfabrikken, Fossheim, var base for dagens Kløverrusletur. Da turgåarane møttest på Kvennsetøran var det kald nordåvind, og det var litt usikkert om det var ver til trim og kaffelag ute i det fri.


Interessant og triveleg tur til Valsøyfjorden

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. juni 2018

Laurdag 9. juni drog Stangvik historielag og Todalen historielag på tur til Valsøyfjorden. Bussen var full, 50 turistar i alt, og mange av turdeltakarane vart rett og slett overraska over kor mykje spennande og interessant vi kunne få sjå og oppleve berre ved å ta ein kort tur til nabokommunen. Guiden vår, Bjørn Fjærli, skal ha mykje av æra for at det vart ein så vellukka dag. Han var kunnskapsrik og flink til å fortelje!


Kløverrusletur ved Gammelfabrikken

Dordi Jorunn Halle Fredag 8. juni 2018

Måndag 11. juni inviterer Saniteten til Kløverrusletur ved Gammelfabrikken, Fossheim. Her er det fint å gå rundt ved fabrikken eller utover vegen i retning Trudvang for rullatorbrukarar og andre som vil halde seg på flata. Ønsker ein gå ein brattare og lengre tur, kan ein gå i retning Tjønnmyrane eller Talgø eller ein runde ved fossen. Etter […]



Fin, ny informasjonstavle oppsett i Svinvika

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. juni 2018

Onsdag kveld i nydeleg ver vart ei ny og fin informasjonstavle oppsett ved starten av Svinvikrunden. Her kan ein lese historie om dei tre vegane som har utgangspunkt i Svinvika- vegar som er bygde i kvart sitt hundreår. Vidare er det opplysningar om trimruta, altså, Svinvikrunden, kart og bilete


Utvida opningstid i Svinviks arboret i dag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. juni 2018

Svinviks arboret melder at dei har utvida opningstid i dag, 6. juni. Dei held ope frå kl. 11.00 til 21.00. Dette skjer i samband med at Nordvik grendalag og Todalen historielag skal avduke informasjonstavle om Svinvikrunden kl. 19.00.


Avduking av informasjonstavle

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. juni 2018

Nordvik grendalag og Todalen historielag har fått laga ei informasjonstavle om Svinvikrunden. Det blir avduking av tavla onsdag 6. juni i Svinvika. Dette skjer kl. 19.00.