Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 904 artiklar i dette arkivet.


Interessant og triveleg tur til Storsetra

Dordi Jorunn Halle Fredag 7. september 2018

Torsdag kveld inviterte Stangvik historielag til kulturhistorisk StikkUT!-tur til Storsetra. Dette vart ein riktig så fin og interessant kveld i godt turver!


Noregs mest populære turruter – Svinvikrunden på 8. plass!

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. september 2018

Over 100 turruter var med og kjempa om å bli kåra til Noregs beste turrute, og Svinvikrunden kom til slutt på 8. plass! Og i følge NRK fekk Svinvikrunden flest stemmer av turrutene i Møre og Romsdal. Det var Madonnastien i Eggedal i Buskerud som flest stemmer.


Kløvertur til Øygardshalsen

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. september 2018

Måndag 3. september blir det Kløvertur til eit heilt nytt turmål, nemleg Øygardshalsen som ligg litt opp og ut for  skianlegget på Vang. Dette er ein fin og lett tur i relativt flatt terreng, men når ein kjem opp til trimposten, er det fin utsikt. Utgangspunkt for turen er klubbhuset til Søya på Vang. Lengde på […]


Det vart ei vakker «Lykkekstynnj» i Ungdomshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 1. september 2018

Svanhild Husby med band inviterte til «Lykkestynnj», og det vart ei god og fin stund i Ungdomshuset med vakker song og musikk; – tekster som varierte frå dei fine og vare til dei meir lette og humørfylte. Svanhild Husby er utruleg flink både med ord og tonar!


KløverRUSLEtur med fyr på peisen og Todalssong

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. august 2018

Sjølv om det var nysnø i fjella, litt grått og surt, så ville kløverturgjengen oppå Tjønnmyra på tur. «Vi er godt kledde,» sa dei vaksne, men spreke og tøffe damene på 80 og 90 år +! Og det vart både trimtur, kaffelag og til slutt allsong av Todalssongen – ein retteleg triveleg føremiddag.


Strikkekaffe med godt oppmøte

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. august 2018

Det er haust i lufta, og det er godt å samlast innomhus igjen. Todalen sanitetsforening inviterte siste laurdagen i august til strikkekaffe i Sanitetshuset. Her var det godt oppmøte, og 16 – 17 damer hygga seg med handabeid, god prat, kjempegode kaffebrød og kaffe.


KløverRUSLEtur måndag – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Fredag 24. august 2018

No er det på nytt tid for ein RUSLETUR. Sanitetsforeninga inviterer til Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå måndag 27. august. Her er det fine, faste grusvegar å gå etter, og det er fint å ta seg fram både med rullator, krykkjer eller stavar. Her kan ein gå kort eller langt, ta ein rundtur eller berre rusle fram og tilbake, gå på flate marka eller ta med eit par motbakkar. Etter trimturen blir det kaffelag med graut og bakels i gapahuken.


Ny sesong med strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Måndag 20. august 2018

Todalen sanitetsforening inviterer til stikkekaffe laurdag 25. august kl. 13.00 i Sanitetshuset. Alle er velkomne til sosialt samver, triveleg prat og kaffelag!


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 19. august 2018

Måndag 20. august blir det ny Kløvertur. Da blir det ein runde i Toåa tursti. Her er det god stiga og fint å gå.



Fotpleie i september

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. august 2018

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 10. september og tysdag 11. september. Ho har mange ledige timar båe desse to dagane.


Vaksne og eldre skal også sveitte!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. august 2018

OPPDATERT

Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Todalen sanitetshus torsdag 23. august kl. 18.30. Tema for møtet er trening og trim for vaksne og eldre, og kor viktig dette er for å bevare ei god helse etter kvart som ein blir eldre. Fysioterapeut Ingrid Kvendset Hagen vil orientere om temaet og vise øvingar som har god effekt for helsa vår.