Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KløverRUSLEtur måndag – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Fredag 24. august 2018

No er det på nytt tid for ein RUSLETUR. Sanitetsforeninga inviterer til Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå måndag 27. august. Her er det fine, faste grusvegar å gå etter, og det er fint å ta seg fram både med rullator, krykkjer eller stavar. Her kan ein gå kort eller langt, ta ein rundtur eller berre rusle fram og tilbake, gå på flate marka eller ta med eit par motbakkar. Etter trimturen blir det kaffelag med graut og bakels i gapahuken.

Opplegg:

  • Vi tilbyr skyss frå heimen og opp til Tjønnmyrane.
  • Den som treng skyss kan kontakte Jorunn Ørsal , tlf.: 94 27 89 14 eller  Dordi Jorunn Halle, tlf.: 92 45 80 07.
  • Vi møtest ved butikken – Hals – kl. 11.00 og samlast oppå Tjønnmyrå kl. 11.15.
  • Kaffepause med sosialt samver.

Tjønnmyrane er lysløypa til Todalen idrettslag på høgdedraget utanfor Vestrum, Talgø.

Vi håpar riktig mange, både karar og kvinner, har lyst til å bli med ut på tur!

Alle er velkomne!

MEN: Blir det dårleg ver og regn, blir det base i Sanitetshuset og så kan ein gå tur i byggefeltet på Kvennset eller ta ein tur oppå Løfta.

Her er det fint å gå for alle! Foto: Dordi J H

 

 

 

Først publisert: 24. august 2018, 10:00 - Sist oppdatert: 29. august 2018, 07:03