Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant og triveleg tur til Storsetra

Dordi Jorunn Halle Fredag 7. september 2018

Torsdag kveld inviterte Stangvik historielag til kulturhistorisk StikkUT!-tur til Storsetra. Dette vart ein riktig så fin og interessant kveld i godt turver!

Bratte bakkar – god trim! Foto: Dordi J H

Turen var ein del av Friluftlivets veke på Indre Nordmøre og eit samarbeid mellom historielaget, Norsk Vandrefestival og Nordmøre og Romsdal Friluftsråd. Lokale og flinke guidar på turen var Marit Haugen og Torbjørn Brøske. Dei orienterte om hus og heimar, folk og stadnamn og fortalde gode historier. Ein del husnamn fortel kva folket i Stangvika arbeidde med før i tida som Skomakarrønnan, Klokkargarden og Fargarstuå. Tøndergarden har namn etter presten Olaus Tønder.

Turen starta ved Skjersåa ved Rønnan. Det var skikkeleg bratt oppover lia, så turfølget sette pris på pausar med orientering og forteljingar. Det vart raskt fin utsikt både innover fjella og utover fjorden. Det var fin og grei stiga, så slik var det lett å ta seg fram.

Torbjørn Bøske og Marit Haugen fortel om Yttrlia. Her står dei i restane av husmannsplassen. Foto: Dordi J H

Litt oppe i lia kom vi til restane av ein husmannsplass der berre litt av murane står att, Ytre Røslia. I daglegtale vart plassen kalla Ytterlia. I 1875 fødde plassen tre kyr og åtte sauer, og dei dyrka både korn og poteter. Graset vart henta frå ulike slett, eit av dei heitte Helvete. Der var det visst ikkje så ille, for han Johannes husmann sa det slik: «Eg har hatt mange fine stunder i Helvetet!»

Litt lenger fram kom vi til Rognskogledet. Ordet rogn går att i mange stadnamn i Todalen, og. I Romådalen ber ein plass namnet Rogna, på Kårvatn finn vi både Rognskogen og Rognskogbotnen.

Fint å raste på Storsetra. Foto: Dordi J H

Frå venstre Ragnhild Godal Tunheim frå Norsk Vandrefestival, Berit Kårvatn, John Arve Nes, Anne Nes, Solveig Nes, Marit Haugen og Torbjørn Brøske. Foto: Dordi J H

Oppe ved Storsetra opna landskapet seg, og her er det ein kjempestor seterstøl – opprinneleg var heile seterstølen på 70 mål. Store delar av seterstølen er rydda og no nyslått – kjekt å sjå! Seterskjelet brann opp i 1954 etter lynnedslag, og etter det har det ikkje vore setring der. For å få ut forsikringssummen på 1200 kroner, måtte det byggast nytt seterskjel. «Nyseterskjelet» står litt lenger ned enn det gamle. Eit godt stykke lenger oppe i bakken ligg fjøset – der er det no ein fin rasteplass, både ute og inne. Her vart det ein lang og god pause i finveret.

Skaråkersetra. Foto: Dordi J H

Skaråkersetra. Foto: Dordi J H

På tur ned gjekk vi bortom Skaråkersetra som også ligg på Storseterstølen. Storsetra høyrde til Oppistua Brøske, men garden vart i 1853 delt i to gardar – Skaråkeren og Utistua, og dermed vart det to setrer.

Turen ned lia gjekk radig, og vi kom ned i god tid før det vart mørkt. Turfølget var samstemte i at det hadde vore ein riktig fin, interessant og triveleg turkveld!

Norsk Vandrefestival har to arrangement til denne veka:

Laurdag 8. september: Trevandring med Hans Børli i sekken – Halsa/Fjærlia.

Søndag 9. september: Vandretur med KNT – Hemne/Sollia.

Meir info på: norskvandrefestival.no. Eller så er det berre å klikke seg inn på sida via logoen til Vandrefestvalen i høgremargen her på todalen.no.

Litt fleire bilete frå turen:

Fint på Storsetra.

Frå venstre: Ragnhild Godal Tunheim, Anne Nes, Berit Kårvatn, Marit Haugen, Solveig Nes, John Arve Nes. Foto: Dordi J H

På tur ned – triveleg å møte ryttarar. Foto: Dordi J H

Stangvik. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 7. september 2018, 01:16