Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KløverRUSLEtur med fyr på peisen og Todalssong

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. august 2018

Sjølv om det var nysnø i fjella, litt grått og surt, så ville kløverturgjengen oppå Tjønnmyran på tur. «Vi er godt kledde,» sa dei vaksne, men spreke og tøffe damene på 80 og 90 år +! Og det vart både trimtur, kaffelag og til slutt allsong av Todalssongen – ein retteleg triveleg føremiddag.

Fornøgde trimmarar. Åse, Sigrun, Eli, Ingeborg, Ester Karin, Dordi. Bakom ser vi Ove, Hans og Svein. Foto: Dordi J H

Alle 24 oppmøtte starta med trimtur, og her kan ein gå i eige tempo og så langt ein vil, før ein returnerer til basen i gapahuken. Det er godt å kome opp i skogen og bort frå asfalten. Jenny, snart 97 år, fortalde at ho hadde gått lengre tur i dag enno ho greidde da vi var her for tre månader sidan!

Karen Johanne fyrte i peisen, og med pledd, sjal og sitjeunderlag, heldt vi varmen medan vi kosa oss med kaffe, graut og bakels. Olina kom heilt frå Skei, og ho syntest det var kjekt å gå tur, kome ut i terrenget, treffe kjentfolk og få synge Todalssongen! Kitty og Ingrid, 90 og 92 år gamle, tok opp tonen og var forsongarar.

Rullator gjer susen. Kitty, Grete og Grete. Foto: Dordi J H

Kjekt å ha «karrabord». Foto: Dordi J H

Kløverturgruppa i Todalen sanitetsforening set pris på at så mange blir med på turane som dei arrangerer. Alle er velkomne til å vere med på turar måndagane framover hausten. Her er det inga aldersgrense – men ikkje alle turane passar for rullator. Men det blir ny rusletur om 14 dagar.

Fleire bilete frå Rusleturen:

 

 

 

 

 

Først publisert: 27. august 2018, 22:13 - Sist oppdatert: 28. august 2018, 00:25