Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 904 artiklar i dette arkivet.


Fin turdag!

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. oktober 2018

Etter ei helg med regn og ruskver var det både opphaldsver og litt sol da kløverturgjengen la ut på tur første dagen i oktober. Med minstemann, Ingrid, i barnevogna til bestemor var det 15 personar som starta oppover skogsvegen frå Bruset.


Kløvertur oppover skogsvegen frå Bruset

Dordi Jorunn Halle Sundag 30. september 2018

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 1. oktober. Oppmøte på Hals kl. 11.00, samkjøring til Bruset. Derifrå går turen etter fin og fast skogsveg, og det er ikkje bratt. På Kleiva, eit lite  stykke ovanfor Haugligardane, er det bord og fin utsikt utover bygda.  Alle er velkomne til å bli med på trim og tur!


Stor interesse for markaslått

Dordi Jorunn Halle Fredag 28. september 2018

Torsdag kveld inviterte Surnadal Heimbygdlag til temakveld om markaslått ved Mo oppvekstsenter. Der møtte det over 100 interesserte personar! Det var over all forventning, slo programleiar Svein Sæther fast. Dei frammøtte gledde seg til å sjå den nye DVD-en om markaslått som Heimbygdlaget har produsert.


God basarstemning og riktig godt oppmøte

Dordi Jorunn Halle Tysdag 25. september 2018

For første gongen i historia arrangerte Sanitetsforeninga basar på ein kvardagskveld, og dei var spente på korleis det vart teke i mot av bygdefolket. Men oppmøtet vart riktig bra, og det kom inn meir pengar på basaren i år enn i fjor!


Basar i kveld – kjem du?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 22. september 2018

Todalen sanitetsforening minner om at det basar i Sanitetshuset i kveld, tysdag 25.09. Basaren startar kl. 17.00 og det er trekking ca. kl. 19.30. Det er stort basarbord, barnebord, dagens bord og åresalg. Mange fine gevinstar!


KløverRUSLEtur på Kvennsetøran

Dordi Jorunn Halle Laurdag 22. september 2018

Sanitetsforeninga inviterer til Rusletur måndag 24. september. Denne gongen blir det base ved Sanitetshuset, og så kan ein gå tur i byggefeltet, utover til Småbåthamna eller opp til Løfta.


Full fart oppå Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Måndag 17. september 2018

Ski- og friidrettsgruppa i Todalen idrettslag arrangerer aktivitetar på Tjønnmyrå måndagskveldane. Dette er eit fint tilbud for små og store, og er i staden for lagseriestemne på Bordholmen.


Unge og eldre møttest til strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Sundag 16. september 2018

Laurdag samlast flittige damer til strikkekaffe i Sanitetshuset. Strikkepinnane og praten gjekk lett, og det var stor aldersforskjell på yngste og eldste deltakar – heile 96 år!


Strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag

Dordi Jorunn Halle Fredag 14. september 2018

Laurdag 15. september inviterer Sanitetsforeninga til strikkekaffe. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne til sosialt samver med handarbeid, triveleg prat og kaffelag!


Riktig godt fornøgd med sesongen!

Dordi Jorunn Halle Fredag 14. september 2018

Torsdag kveld var det sesongavslutning på Bordholmen for Knøttelaget i Todalen. Her var det berre blide fjes, og alle var godt fornøgde med fotballsesongen 2018!


Rusletur i Øyalia

Dordi Jorunn Halle Måndag 10. september 2018

Etter plaskregn i natt vart det sol og godver for damene på Kløverrusletur i Øyalia. Her var det tur etter fin skogsveg, somme gikk langt og andre tok ein rusletur.


KløverRUSLEtur i Øyalia

Dordi Jorunn Halle Sundag 9. september 2018

Sanitetsforeninga inviterer til Rusletur måndag 10. september. Denne gongen blir basen terrassen ved Ungdomshuset, og så kan ein gå kort eller lang tur i skogsvegen i Øyalia. Her kan ein ta seg fram med rullator.