Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor interesse for markaslått

Dordi Jorunn Halle Fredag 28. september 2018

Torsdag kveld inviterte Surnadal Heimbygdlag til temakveld om markaslått ved Mo oppvekstsenter. Der møtte det over 100 interesserte personar! Det var over all forventning, slo programleiar Svein Sæther fast. Dei frammøtte gledde seg til å sjå den nye DVD-en om markaslått som Heimbygdlaget har produsert.

Framsida av DVD-en. Ola A. Moen med ljåen sin.

DVD-en er eit resultat av eit prosjekt om markaslått ved Mo skule i 1980/81. Da hadde ein del elevar  lokalhistorie som valfag i lag med lærar Oddvar Moen. Elevane var den gongen oppe i «Damslittet» i lag med Lars I. Moen, Gerda og Ola A. Moen som alle tre hadde opplevd livet med markaslått. Elevane fekk vere med på ljåslått, breiing, snuing, såtsetting av graset og kasting av såter før det vart tørrhøy og kunne settast i stakk. Da vinteren kom, drog dei ned eit lass høy på dragarkjelke. No er det laga ein fin og interessant DVD med bilete og tekst frå prosjektet. DVD-en formidlar godt kunnskapen om markaslått. Eit interessant teksthefte følgjer også med DVD-plata. Dette er ein viktig dokumentasjon for oss som ikkje har opplevde dette. I heftet kan ein mellom anna lese at sist på 1800-talet var det 33 000 mål med markaslått i gamle Surnadal kommune. I tillegg kjem det her tydeleg fram at ordforrådet vårt er i stadig endring, dei fleste orda som var knytt til markaslått, er ukjende no.

Oddvar Moen orienterte om prosjektet «Markaslått» som han var ansvarleg for for snart 40 år sidan. Foto: Dordi J H

Måldiplom til Oddvar Moen

Surnadal Heimbygdlag er både historielag og mållag, sa leiaren Trygve Roaldset da ha skulle dele ut årets måldiplom til Oddvar Moen. I grunngjevinga for prisen heiter det: «Måldiplom 2018 er gitt til Oddvar Moen for hans allsidige, aktive og gode nynorskbuk i arbeid og organisasjonsliv.» Oddvar Moen har også vore både styremedlem og leiar i Heimbygdlaget, og han har lagt ned mykje arbeid både for å ta vare på lokalhistoria og for fremje dialektbruk og nynorsk. Altså ein svært så verdig prisvinnar.

Svein Sæther og Karstein Mauset. Foto: Dordi J H

Karstein Mauset underheldt med song og gitarspel. Han framførte «Myrull» med tekst av Astrid Krogh Halse, «Elva» og «Gjetargut» av Hans Hyldbakk; tekster som passa godt til temaet for kvelden og med fine melodiar som han sjølv hadde laga.

Øvre Surnadalsanitetsforening serverte nydeleg kveldsmat, kaker og kaffe. Og Heimbygdlaget skal ha skryt for eit triveleg og godt arrangement – ikkje minst var det god lyd under heile arrangementet.

 

Dyktige damer i Øvre Surnadal sanitetsforening. Alle 100 oppmøtte fekk mat, sjølv om kjøkkengjengen hadde venta berre halvparten så mange til bords. Reidun D. Nerland, Margit Fugelsøy, Jorunn Rindal og Grethe Mauset. Foto: Dodi J H

Ale som hadde vore med prosjektet Markaslått, fekk kvar sin DVD. Her har Siri Skjølsvoll fått sin av Sverre Hatle. Foto: Dordi J H

Fullsett sal på Mo oppvekstsenter. Foto: Dordi J H

Baksida av DVD`en som no er å få kjøpt. Lars I. Moen med kjemmarrive og Gerda Moen med kvinnfolkrive.

 

 

 

Publisert: 28. september 2018, 12:50