Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God basarstemning og riktig godt oppmøte

Dordi Jorunn Halle Tysdag 25. september 2018

For første gongen i historia arrangerte Sanitetsforeninga basar på ein kvardagskveld, og dei var spente på korleis det vart teke i mot av bygdefolket. Men oppmøtet vart riktig bra, og det kom inn meir pengar på basaren i år enn i fjor!

Maren og May har stor erfaring med å arrangere basar. Foto: Dordi J H

Anne Helene sel lodd på dagens bord til Ingrid. Foto: Dordi J H

Arndis og Jorunn organiserte åersalget. Foto: Dordi J H

Sjølv om basaren var lagt til ein kvardag, gjekk resten av basaren etter tradisjonelt opplegg. Det var stort basarbord med godt over 30 fine gevinstar – her var det godt loddsalg både på Hals og under arrangementet. I tillegg var det barnebord med gevinstar som passa for den yngre garde, og på dagens bord var det trekning mellom dei som kjøpte lodd på sjølve basaren. Mange kunne gå heim godt fornøgde med fine, gode eller nyttige gevinstar. I tillegg var det salg av årer, mange rundar, og alle årene vart selde ut kvar gong. 

Sjølvsagt var det kaffe og mykje god mat, her var det berre å forsyne seg og ete seg mett.

Damene i Sanitetsforeninga er vante og erfarne basararrangørar. Trekkinga starta presis klokka halv åtte og klokka åtte var det slutt – altså heilt etter plana.

Og her kan du klikke for å laste ned trekningslista frå basaren!

Kjekt å sjå så mange karar på basar! Dei er spente på om dei vinn på årene sine. Foto: Dordi J H

Ragnhild og Carina stod var ansvarlege for trekkinga! Det gjekk kjøle radig – mangt kva ein kan bruke mobiltelefon til! Ragnhild er kasserar og var riktig godt fornøgd med at det vart så godt økonomisk resultat! Foto: Dordi J H

Leiar i Todalen sanitetsforening, Maren Ansnes, takka for godt oppmøte – ho konkluderte med at det såg ut til å vere lurt å ha basar på ein kvardag. Vidare takka ho for all god støtte med gevinstar og loddkjøp! 

Maria og Ylva Synnøve kosa seg på basar – vann gjorde dei også. Foto: Dordi J H

Kristine, Synnøve, Helen og Åse selde lodd. Foto: Dordi J H

Det var triveleg og god basarstemning! Foto: Dordi J H

Kjekt å treffast på basar – triveleg prat rundet borda. Foto: Dordi J H

 

Først publisert: 25. september 2018, 22:30 - Sist oppdatert: 26. september 2018, 08:23