Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KløverRUSLEtur i Øyalia

Dordi Jorunn Halle Sundag 9. september 2018

Sanitetsforeninga inviterer til Rusletur måndag 10. september. Denne gongen blir basen terrassen ved Ungdomshuset, og så kan ein gå kort eller lang tur i skogsvegen i Øyalia. Her kan ein ta seg fram med rullator.

Som vanleg er det samlingsplass ved Hals kl. 11.oo og samkjøring oppover til Ungdomshuset. Etter turgåinga blir det kaffe med noko godt attåt. Er det dårleg ver, kan ein ta kaffepausen innomhus i Ungdomshuset.

Treng du skyss, kan du ringe :

Jorun Ørsal 942 78 914 eller

Dordi Jorunn Halle 924 58 007.

Alle er velkomne til å bli med ut på tur og sosialt samver!

Fint framfor Ungdomshuset. Arkivfoto todalen.no

Måndag 3. september gjekk Kløverturen til Øygardshalsen i Stengentraseen:

På Øygardshalsen. Foto: Dordi J H

Publisert: 9. september 2018, 10:36