Jenny Klinge – har gjeve ut boka Dønn distré
Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Jenny Klinge (45), har gjeve ut bok om det å vere distré. I boka kan vi lese mange historier, som sikkert ikkje var så morsomme der og da, men som i ettertid blir god underhaldning for lesarane av boka. Jenny og sambuar Råg bor på Nordvik, så sjølv om Jenny no reknar seg som nordvikgarding, vil ho etter eige utsegn, alltid òg i tillegg rekne seg som østbødaling. Sidan Jenny er medlem av Stortingen, så bor ho i Oslo mykje av året, men litt tid får ho saman med familien på Nordvik. Boka til Jenny er å få kjøpt på Matkroken Todalen og kostar kr. 199,-