Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune med tilbod om gratis «Sommarskule»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. mai 2021

Surnadal kommune kan i år tilby gratis «Sommarskule» for alle elevar i 1. – 10.klasse. Tilbodet er meint å kompensere for den tida mange elevar har mista på skulen på grunn av  koronautfordringane det siste året. Det er regjeringa som har løyvd pengane som no gjer det mogleg for Surnadal kommune, og 227 andre kommunar, å tilby gratis «Sommarskule» for alle elevar i 1. – 10.klasse. Det er Kulturskulen som administrerer ordninga i Surnadal kommune. 

Gratis «Sommarskule» vil vere eit tilbod i vekene 25, 26 og 32. 

Så har du lyst til å mekke, danse, måle, spele, vere ute i skogen, eller berre vere saman med andre nokre dagar i sommarferien? Da kan «Sommarskule» vere noko for deg!

Det vil vere tilbod om minst ein aktivitet ved alle barneskulane i kommunen. I tillegg vil «Sommarskulen» ha aktivitetar ved Oppistua Torvik, Oppistua Øye, på kulturhuset og på Ungdomsklubben. «Sommarskulen» kan tilby eit variert aktivitetstilbod. Brosjyra for «Sommarskulen» kan du lese her: «Sommarskule i Surnadal 2021»

For å søkje om plass, kan du gå inn på heimesida til Kulturskulen kulturskolenordmore.no. Søknadsfristen er 21.mai. Somme av aktivitetane og tilboda har avgrensa tal på deltakarar.  

Publisert: 7. mai 2021, 17:23