Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårdugnad i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. mai 2021

I går kveld var det dugnad i Toåa tursti. Mange hadde møtt opp for å hjelpe til, så alt som skulle gjerast vart ferdig på snaue halvannan time. Det vart køyrt på grus rundt gapahuken ved Båthølen. Det er no grusa opp, slik at det er lett å kome inn på platten ved gapahuken med rullestolar og barnevogner. 

Per E. Gjeldnes Maskin hadde levert eit stort gruslass som skulle fordelast rundt om. Foto: B G Ansnes

Det vart og grusa litt andre stader i turstitraseen. Det vart og hogd nokre tre langs med turstien, samstundes som greiner som stakk inn i traseen vart fjerna. 

Svein Åge Saksen var «sagførar» og besørga nedsaging av tre og busker langs med turstitraseen. Foto: B G Ansnes

Benken som har stått ved Bønnavollen vart flytta til den ytre stien som tek av frå Toåa tursti og går ned til Gunnøya. 

Benken er flytta, og da måtte den prøvesitjast! Foto: Elinor Bolme

Da er turstien i tipp topp stand og klar for å ta imot trimmarar i alle aldrar. God tur!

Da var gruslasset ferdig utkøyrd og planert. Foto: B G Ansnes

 

Først publisert: 11. mai 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 10. mai 2021, 20:36