Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lia Gard – Utleige av geiter sesongen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 9. mai 2021

Beitesesongen nærmar seg med stormskritt. Lia Gard vil i år, som i fjor, leige ut geiter for landskapspleie. Lia Gard har i år omlag 40 geiter for utleige. Geitene er perfekte for alle som ønskjer ein økonomisk og berekraftig metode for lanskapspleie. Lia gard tilbyr utleige av geit til kommunar, kraftselskap, idrettslag, hytteforeiningar, gardbrukarar, bedrifter og private som ønskjer å utføre landskapspleie. 

Lia Gard har stort fokus på dyrevelferd og brukar difor Nofence beiteteknologi for inngjerding av utleigedyra. 

Fordelane med å bruke geiter i landskapspleie er:

  • Hindre gjengroing av våre felles naturområder
  • Halde kraftgater opne
  • Rydde i alpinbakkar og skitrasear
  • Lage ny beitemark
  • Hindre gjengroing på større private eigedomar

Er du interessert i å få eit tilbod om leige av geit for landskapspeie, ta kontakt med Monica Moen Kvendset på telefon 415 71 278 eller epost monica@trioregnskap.no

Du finn og meir informasjon på Lia Gard si Facebookside: «Lia Gard»

Slik såg det ut før geitene frå Lia Gard kom. Foto: Lia Gard

Slik såg det ut etterpå. Foto: Lia Gard

Først publisert: 9. mai 2021, 14:49 - Sist oppdatert: 10. mai 2021, 16:12