Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad i Båthølen måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. mai 2021

Måndag 10.mai klokka 18:00 blir det arrangert dugnad i Toåa tursti ved Båthølen. Per E. Gjeldnes Maskin har levert eit gruslass som mellom anna skal brukast for å betre tilkomsten til platten for rullestolbrukarar. Resten av gruslasset skal brukast på forskjellege områder rundt gapahuken i Båthølen. Det skal og takast ned nokre tre langs turstitraseen.  

Det er difor behov for 3-4 personar med trillebårer, spadar, krafser og jarnriver for å få gruslasset flytta til rett plass og til planering. 

Det trengs og folk for å ta ned nokre tre langs turstien. Dei som heller føler seg kalla til hogstarbeid, må ta med egna utstyr for hogst. 

Per E. Gjeldnes Maskin starta tysdag arbeidet med å oppgradere siste parsell i turstien. Dette arbeidet er venta å vere ferdig rett etter helga. 

Per E. Gjeldnes er no i gang med oppgradering av siste parsell i Toåa tursti. Foto: B G Ansnes

Publisert: 6. mai 2021, 05:43