Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storfin sesongopning for fjellgruppa i Pensjonistlaget

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. mai 2021

Fjellgruppa i pensjonistlaget opna årets sesong med tur frå Kallset og utover til Kvalnesvika i Bøfjorden. Vêrgudane varta opp med strålande solskin og varme i lufta, så det vart ein fin tur for dei totalt 32 som var med på turen. Så ein kan trygt seie det vart ein storfin start på årets sesong for fjellgruppa til Surnadal Pensjonistlag. 

Vegen frå Kallset til Kvalnesvika går gjennom eit overveldande lanskap med stupbratte hamrar og steinurer både over- og nedsida mot fjorden. 

Kvalsvika. Foto: Anne V. Einum

I Kvalnesvika vart det rasta nede i fjøra og nistepakkar og drikke vart innteke. – Vi gledde oss over å sjå dei velstelte husa og engene, seier Kristian Ranes i fjellgruppa. – Har du ikkje vore der, så ta turen, oppfordrar han. 

Det er mange mot- og nedoverbakkar langs vegen mellom Kallset og Kvalnesvika, så det blir totalt sett mange høgdemeter som blir passert i løpet av turen. 

Neste tur for fjellgruppa er skulle eigentleg ha gått til Strengen, men den turen må flyttast på grunn av snøforholda. «Erstatningstur» blir annonsert når turmål er bestemt!

Under kan du sjå eit knippe fine bilete frå turen: 

Takk til Kristian Ranes for informasjon om turen og til Anne V. Einum for bilete! 

Publisert: 12. mai 2021, 09:00